Eit farleg land å vere kvinne i

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Her har kvar fjerde mann valdtatt

 

På valentinsdagen, 14. februar, vakna Sør-Afrika opp til nyhenda om at Oscar Pistorius (26), også kjent som "Blade Runner", hadde skote og drepe kjærasten Reeva Steenkamp. Pistorius hevdar sjølv at det var eit uhell. Han trudde det var ein innbrotstjuv han høyrte inne på badet.

– Det Oscar gjorde, anten det var eit uhell eller ikkje, reflekterer kor mykje sinne det er i samfunnet vårt. Vi har lett for å ty til vald, seier Sipho Mamise frå organisasjonen Afrika Tikkum. Drapet på Steenkamp har utløyst ein ny debatt om valdskulturen i Sør-Afrika.

Over halvparten opplever vald
Ifølgje South African Institute of Race Relations blir rundt 200.000 sørafrikanske kvinner utsett for vald kvart år.

– Det reelle talet er i røynda truleg enda høgare. Alt tyder på at talet på overfall som blir meldt til politiet er betydeleg lågare enn alle dei valdelege hendingane som faktisk skjer kvart år, seier Lerato Moloi frå instituttet.

Andre organisasjonar har dokumentert at over halvparten av alle sørafrikanske kvinner har opplevd fysisk, seksuell, psykisk eller økonomisk mishandling. Valdtektsrata er også svært høg. Heile 28 prosent av alle menn innrømmer at dei har valdteke ein eller fleire gonger.

– Vald blei normalen under kampen mot apartheid. Spørsmålet no er korleis vi kjem oss vekk frå det, seier Mamise frå Afrika Tikkum.

– Vår oppgåve er å få kvinner til å forstå at det ikkje er normalt, eller greitt, å bli slått eller valdteke.

LES OGSÅ: – Ei tikkande bombe

(saka held fram under bildet)

Dei alle fleste av innbyggjarane i Diepsloot bur i små skur lagd av skrapmetall, plastikk og papp. Townshipen er plaga med mykje vald og anna kriminalitet.

Fattigdom avlar vald
I townshipen Diepsloot nær Johannesburg er mange kvinner, og nokre menn, samla til 8.mars-arrengement på ein idrettsbane. Frå scenen lyder taler, og frå høgtalarane dunkar det ut dansemusikk i pausane. Nokon fest er det likevel ikkje. Tema for dagen er kjønnsbasert vald, og for kvinnene i Diepsloot er det ein del av kvardagen.

– For kvinnene som kjem til sentret vårt er det ikkje eit alternativ å skilje seg frå valdelege ektemenn. Dei har ingen stad å gå, fortel Nehwoh Geh, leiar for arbeid mot kjønnsbasert vald ved Afrika Tikkum sitt senter.

Diepsloot er ein av dei største townshipane i Sør-Afrika, med over 800.000 innbyggjarar. Heile 70 prosent av desse lever under fattigdomsgrensa og dei mange blikkskura står tett. Kvar veke blir i gjennomsnitt fire valdtektssaker meldt til politiet her. Samstundes syner forsking at berre ein av ni valdtekter blir rapportert.

LES OGSÅ: – Verda blir mindre fri

"No means no"
Ein av dei som ser valden kvar einaste dag er 28 år gamle Lungiswa Mame. Ho bur i Diepsloot saman med dei to borna hennar på åtte og eitt år. Ho blei sjølv utsett for vald då ho var liten, og bestemte seg difor tidleg for at ho ikkje skulle bli avhengig av nokon mann.

– I nabolaget mitt ser eg kvinner som blir slått kvar einaste dag. Likevel blir dei hos mennene, fordi dei trur det er normalt. Det gjer meg sint, seier Mame.

Frå scenen nokre meter bortanfor høyrer vi ei stemme som ropar "Stop vald mot kvinner og born. Vi vil ha valden ut av Diepsloot" og tilhøyrarane ropar tilbake "No means no!".

QUIZ: Kva veit du om Afrika?

(saka held fram under bildet)

Mange sørafrikanske organisasjonar jobbar for å få slutt på vald mot kvinner.

LES OGSÅ: Naudhjelp til Noreg vekkjer oppsikt

Håpar på eit vendepunkt
Pistorius-saka er ikkje den einaste som har fått sørafrikanarane til å protestere dei siste månadane. 17 år gamle Anene Booysen blei valdteke av ein gjeng menn i Bredasdrop i Western Cape i februar og døyde seks timar etter. To menn, ein av dei ekskjærasten hennar, står tiltalt for drapet.

President Jacob Zuma nemnde Booysen i si årlege tale til nasjonen, og sa at brutaliteten som forsvarslause kvinner blir utsett for er uakseptabel og at den ikkje høyrer heime i Sør-Afrika.

No er håpet at desse to sakene skal bli starten på ein nasjonal kamp mot vald mot kvinner.

– Forhåpentlegvis vil denne hendinga skape merksemd rundt det store problemet og få på plass tiltak for å kjempe meir effektivt mot vald, seier Moloi frå  South African Institute of Race Realtions.

Det er leiaren ved senteret i Diepsloot samd i at trengst.  

– Vi må snakke om det Oscar [Pistorius] gjorde. Han skaut for å drepe, anten det var Reeva han ville drepe eller ikkje. Vi må finne andre måtar å reagere på. Løysinga er ikkje at alle skal ha eit våpen, avsluttar Sipho Mamise.