Eit år i utlandet – noko for deg?

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I mange år har det vore tradisjon at Voss gymnas sender elevar til utlandet.

Dette er no meir populært enn noko gong, og elevane kan velje meir enn 50 land å reisa til.

Hausten 2009 reiste elleve elever ifrå Gymmen ut i verda. To av dei var Kaja Sudmann Mandelid og Merethe Fenne. Tidlegare utvekslingselevar inspirerte dei til å gjere noko annleis eit skuleår.

For Kaja var valet lett, ho skulle til USA for å forbetra engelskkunnskapane sine. Merethe tenkte og først på USA, men då ho fekk beskjed om at det var fullt då ho ville søkje dit, måtte ho tenkje på eit anna land. Valet vart utradisjonelt, nemleg Tyskland.

Forventningane til året i utlandet var ikkje så store, begge reiste med eit ope sinn med von om eit bra og innhaldsrikt år.

Kaja fortel at året i utlandet var nærast perfekt. Familien var veldig inkluderande, og ei vertssyster på om lag same alder gjorde at ho kjende seg trygg. Ho fekk fort vener, og ho tykte at skulen var mykje lettare enn heime i Noreg. Den amerikanske skulen er svært annleis enn den norske skulen. Etter skuletida dreiv ho med fleire aktivitetar i skulen sin regi, noko som var veldig kjekt. Kaja, som er flink i fotball, fekk dyrka interessa si i løpet av året i utlandet.

Familien Kaja budde hjå, er veldig glad i å reise, og derfor fekk ho sett mange delar av USA. Favorittplassen var heilt klart vakre Hawaii, som var akkurat slik som biletet på eit postkort.

Den tyske familien Merethe budde hjå, var og veldig kjekk.   Sidan ho budde i byen Lüneburg, som ligg nær Hamburg, var ho ofte der i helgene. Forskjellane frå vetle Voss til enorme Hamburg var store, og Merethe fekk sett mykje spanande.

I byrjinga syntest ho det var svært vanskeleg å fylgje med kva som vart sagt i timane, men etter kvart kom språket naturleg. Merethe fortel at skulen hadde høge forventningar til ho, og i byrjinga var det svært uvant, men det gjekk seg til.

Det vanskelegaste i løpet av heile året for begge var å reise ifrå det dei no reknar som sin andre heim. Mange tårer vart felt før avreise heimatt, og omstillinga til ein ny kvardag var vanskeleg.

Både Kaja og Merethe er einige om at året alt i alt var fantastisk, og oppfordrar alle som tenkjer på å ta eit år i utlandet, til å gjere det.

LES SAKA I AVISA HORDALAND!

Faktaboks

Tips for deg som vil ta eit år i utlandet
Vel ein organisasjon som er godkjent av Lånekassa. Normalt må du få skuleåret godkjent som 2. året på vidaregåande, for å få pengane utbetalt som stipend. Det er skulen din som skal godkjenne skuleåret. Ta difor kontakt med rådgjevar eller skuleleiinga før du melder deg på eit program.

Søknad
For å bli teke opp som utvekslingselev, må ei først skrive ein søknad. Du må òg regne med å bli innkalla til eit personleg intervju. Dei fleste organisasjonane krev at du melder deg på éit år i forveien. Organisasjonen sitt inntrykk av deg blir avgjerande når du får tildelt vertsfamilie.

Forsikring
Dei fleste landa krev at eleven har godkjent forsikring for å kunne gå på skule. Dei fleste organisasjonane krev eit tillegg. Sjekk kva som blir dekt i forsikringen, og vurder om han dekker behova dine. Skal du på ferie i vertslandet, kan i einskilde tilfelle reiseforsikring kome i tillegg.

Fleire råd!

Utvekslingsorganisasjonar
Rotary
AFS utveksling
Speak
Youth for understanding
Explorius

Les endå meir!