– Einsemd blant unge er eit stort problem

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kvar tredje ungdom er einsam

Ungdom i alderen 18 til 29 år kjenner seg meir einsame enn resten av befolkninga. Dei er også mest redde for å bli einsame.

I ei undersøking gjort av IPSOS og Røde Kors Ungdom tidlegare i år kom det fram at meir enn kvar tredje ungdom er plaga av einsemd. Dei oppgjev usikkerheit og redsel som hovudårsakene til einsemda. Samstundes er to av fem i aldersgruppa redde for å bli einsame. Kring 520 respondentar deltok i undersøkinga.

– Det skal vere mogleg å prate om einsemd utan å føle skuld eller skam, seier Charlott Nordström (25). Ho er nyvald leiar i Røde Kors Ungdom og vil setje søkelyset på einsemd.

Prega av stigmatisering
– Einsemd blant unge er eit stort problem og må løftast fram i lyset, seier Nordström.

Ho meiner einsemd blant unge er eit område som er prega av stigmatisering og i for stor grad vert forbigått i stilla. Samstundes som Nordström vart vald til ny leiar, vedtok Røde Kors Ungdom at einsemd skal vere det nye kampanjetemaet til ungdomsorganisasjonen.

Vil ha openheit
– Sosiale medium som Facebook og Twitter har gjort det enkelt å sjå kven som har mange vener og kven som ikkje har det, kven som blir ”likt” og kven som ikkje blir det. Saman med eit aukande samfunnsideal om å vere utadvendt, uredd og populær, er det mange unge som føler at dei ikkje strekkjer til, seier Nordström.

LES MEIR: Falsk lukke på Facebook

Ungdomsleiaren trur at alle opplever einsemd på eit tidspunkt i livet. Ved å skape meir openheit og aksept kring å oppleve kjensla av einsemd, vil Nordström og Røde Kors Ungdom arbeide for at færre skal kjenne seg aleine.

– Du kan ikkje sjå på nokon at dei er einsame. Det blir difor ei utfordring å nå dei som treng å inkluderast mest, seier ho.

Ein vond spiral
Å vere einsam handlar om å oppleve manglande sosial støtte og kontakt med andre. Organisasjonen meiner få snakkar høgt om opplevinga av einsemd, sjølv om dei aller fleste kan oppleve einsemd i enkelte delar av livet.

– Dersom born og unge har utfordringar med å etablere gode relasjonar og nettverk, er sannsynet stort for at dette held fram når dei blir vaksne, heiter det i resolusjonen som vart vedteke under landsmøtet til Røde Kors Ungdom.

Mange unge einsame har problem med sjølvkjensla, noko som kan føre ein inn i ein negativ spiral, der ein korkje tør eller veit korleis ein skal ta kontakt med andre. Manglande sjølvtillit og sosial kompetanse er òg ein av årsakene til at ei stadig større gruppe unge fell utanfor utdanning og yrkesliv, ifølgje organisasjonen.

For å kjempe mot einsemd vil Nordström og ungdomsorganisasjonen arbeide for at ungdom skal få auka sosial kompetanse. Dei vil òg slå ned på stigmatiseringa knytta til temaet.

– Vi oppmodar regjeringa til å gjere Psykisk helse i skolen-programmet tilgjengeleg for alle skular, satse på skulehelsetenesta for både grunnskule og vidaregåande opplæring, og sørgje for at helsesøstre og –brødre er der unge er, når unge har behov, heiter det i resolusjonen.

Den beste medisin
Føler du deg av og til einsam? Eller kjenner du kanskje nokon som er einsam? Den beste medisinen for eit menneske er framleis eit anna menneske.

– Dersom ein har behov for hjelp til å kome seg ut av einsemda, eller ein treng nokon å snakke med, kan ein ta kontakt med si lokale Røde Kors-foreining, seier Nordström.

Ved å syne at ein bryr seg kan ein gjere ein skilnad, meiner ungdomsleiaren.

– Einseimd kan utgjere ei psykisk påkjenning over tid. Kjensla av å oppleve at ein er heilt åleine utan nokon å prate med er tung. Difor er det viktig at vi bryr oss om kvarandre. Ta ein telefon, inviter nokon som er åleine på kaffi eller med ut på tur. Du vil raskt oppdage at det å bry seg er uendeleg viktig for den du bryr deg om.