Einar (19) er eit mattegeni

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg er litt overraska over at eg vann. Mange av dei andre konkurrentane verka veldig sterke og ei stund verka det utenkjeleg at eg skulle stikka av med sigeren, seier Einar Bogsnes Hegge (19), som er busett på Bogsnes gard i Kvinnherad.

I går gjekk nemleg 19-åringen heilt til topps i Abelkonkurransen, med over 3.500 konkurrentar frå dei vidaregåande skulane i Noreg. I finalen var dei 24 personar, og kvinnheringen tok ein suveren førsteplass.

– Det er litt vanskeleg å svara på kva det betyr for meg, men det er sjølvsagt gøy å gå heilt til topps, seier han.

Kreativ
I finalen fekk dei oppgåver i algebra, geometri, talteori og kombinaturikk. Oppgåvene var ganske forskjellige frå det han lærer på Kvinnherad vidaregåande skule, der Bogsnes Hegge er elev i tredje klasse.

– Eg var veldig nøgd med oppgåvene me fekk. Etter å ha sett på dei ein gong, forstod eg kva eg skulle gjera. Desse oppgåvene er meir kreative enn skulematten, som ofte består i å løysa ei oppgåve med ein formel til du får ein fasit. Her må me tenkja meir sjølv, seier han.

19-åringen har vore eit matematikktalent nærast heile livet, og skjønte tidleg på skulen at han hadde lettare for det enn jamaldrande.

– Då eg gjekk i første klasse, rekna eg på matematikk for fjerde klasse, seier han.

Han trur talentet for matematikk kjem frå mormor og morfar, som begge var realfagslærarar.

Som vinnar fekk han 15.000 kroner, pengar han kjem til å spara til vidare studiar. For Bogsnes Hegge kan tenkja seg ein karriere innan matematikk.

– Eg er litt usikker på kva eg skal gjera etter vidaregåande, men eg kjem nok til å enda opp på NTNU i Trondheim. Men det kan òg henda eg skal utdanna meg innan data.

ER DU EIT MATTEGENI? Test deg sjølv her (ekstern link)  

 Tatt av politikken
Nærings- og handelsminister Trond Giske (Ap) var med og stifta Abelkonkurransen på starten av 2000-talet. Han delte og ut prisen til Bogsnes Hegge.

 – Har de heisa flagget no? Han vann i knivskarp konkurranse med dei beste i matematikk på dei vidaregåande skulane i Noreg, seier Giske til Sunnhordland.

Ap-statsråden kan ikkje få snakka nok om kor viktig det er med realfag, spesielt på Vestlandet og i Sunnhordland der ingeniørmangelen er stor.

LES OGSÅ: Kjensla for spelet

– For å få fleire til interessera seg for realfag, er det viktig med kompetente og flinke lærarar som kan få opp interessa allereie i ung alder, seier Giske.

Han oppmodar no Bogsnes Hegge til å utfordra seg sjølv for å auka matematikkunnskapen. 

 – Kva slags forhold har du sjølv til matematikk?

 – Eg hadde full fordjuping i matematikk på gymnaset, og hadde stø kurs mot sivilingeniørstudiet. Men så tok politikken meg, seier Giske.

Les saka i Sunnhordland!