Ein skal høyre mykje rart

Simon Oliver Ommundsen
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Nokre gongar har eg til og med høyrt noko så sjukt som at ungdomar ikkje er engasjerte. Etter fire år med Operasjon Dagsverk kan eg skrive under på at dette ikkje stemmer.

Sidan 1964 har ungdomar vist at dei forstår omfanget at dei store globale utfordringane verda lid av, og i meir enn 45 år har norsk ungdom pressa utviklingsspørsmål inn på agendaen i skulen. Av, med og for ungdom, og solidaritet i praksis plar  vi å kalle det. Engasjementet er der blant dei unge, og handlingsalternativet i skulen er der.

Så dei unge er engasjerte. Kva med dei vaksne?

Oktober er ein månad der mykje spanande skjer i det norske samfunnet, spesielt på den internasjonale fronten. Eg har høyrt folk prate om at det frivillige engasjementet og gjevargleda blomstrar i oktober. Lommebøkene opnar, og pengane rullar inn for organisasjonane som har fått dei store aksjonane. Sidan det i hovudsak er dei vaksne som sitt med pengane i landet, kan ein jo også gå ut frå at det er deira pengar som rullar. Ein ting kan eg seie meg einig i, og det må vere det frivillige engasjementet. Gjevargleda er nok der han òg. Hadde det vore opp til meg ville eg likevel endra eit par ting.

For det fyste synast eg det manglar ein grunnleggjande haldning til å oppmuntre dei unge som skal ut for å tene inn pengar til for eksempel Operasjon Dagsverk. Når eg seier oppmuntring, er det ikkje dei gode orda det står på. Eg snakkar om ein generell haldning som gjer ungdom eit perspektiv av kor viktig jobben dei gjer faktisk er for andre menneske. At andre menneske, andre ungdomar, får eit snev av dei same moglegheita som dei sjølv har. Ein slik viktig jobb og innsats meiner eg er noko ein må sjå på som noko større enn at ein er med på ein innsamlingsaksjon for fattige barn i Afrika, det handlar om menneskeliv og det handlar om rettferd.

Det andre eg ynskjer er større deltaking og eit større fokus frå arbeidsgjevarar og bedrifter. I andre land med liknande aksjoner som til dømes Operasjon Dagsverk, gjer bedriftsnæringa ei stor innsats i å engasjere dei unge, blant anna ved å gje dei jobbar slik at dei kan gjennomføre dagsverket sitt. Dette ser ein godt hos naboane våre i Sverige og Danmark. Ved å setje seg inn i dei unges engasjement og kvifor dei tek seg fri frå skulen for å hjelpe andre, trekk dei også utviklingsspørsmål inn i si eiga arbeidsplass.

Så kvifor er dette så viktig?

Ein kan raskt gløyme kor bra vi har det her oppe på verdas nordkalott. Ein skal ikkje gå rundt med dårleg samvit over urettferda i verda, men det er noko vi må tenkje på, og det er noko vi må forsøkje å gjere noko med. I den store samanheng må Noreg ta stilling til både internasjonalt samarbeid og globale problem på lik linje med resten av verda, og da nyttar det ikkje å lukke augna eller sjå ei anna veg. Dette er noko det norske samfunnet må gjere i lag, og ein må aktivt ta opp utviklingsspørsmål frå skulebenken til arbeidsplassen.

Saman kan vi klare å gjere ein forskjell. Det har eg i alle fall høyrt.