Ein posefri kommentar

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kalvø: Ein posefri kommentar

Vi som skriv i avisa, er opptatte av å gi deg ei djupare forståing av kva konsekvensar politikken og det politiske spelet har for kvardagen til vanlige menneske som deg og meg. Vi ønsker å vise dei langsiktige konsekvensane av dei kortsiktige kompromissa, avdekke djupareliggande pose pose pose pose pose.

Unnskyld, eg veit ikkje kva som skjedde der. Det var ikkje meininga å skrive pose pose pose. Eg skal ta meg saman.

Ok. Kva var eg? Jo! Djupareliggande! Der var eg. Når vi som skriv i avisa for eksempel skriv om budsjettet og avtalen mellom dei borgarlige partia, så er det ei hovudsak for oss å sjå det store bildet, og vise dei systematiske ideologiske POSE POSE POSE POSE

Sorry. Altså: Det er ei hovudsak for oss å sjå det store bildet, og vise dei systematiske ideologiske endringane…

Unnskyld. Beklagar at eg stoppa midt i den setninga, men ein kollega av meg sendte meg nettopp ei melding og minna meg på den gamle norske filmen «Tante Pose». Har ikkje sett han, men det er jo litt artig at det finst ein film som heiter «Tante Pose», og så blir det innført poseavgift. He he he.

Men nok om det. Kvar var eg? Jo! Det er ei hovudsak for oss å vise dei systematiske ideologiske endringane som følgjer av dei kompromissa…

Berre for å ha sagt det, sidan det har blitt så mykje snakk om posar her no: Når vi som skriv i avisa skriv om sånt som poseavgifta, så er ikkje det berre fordi det er artig. Poseavgifta er eit uttrykk for noko større. Eit symbol. Denne saka seier mykje om samarbeidsklimaet og utfordringane ein har når ein skal finne politiske løysingar på tvers av…

Oi! Unnskyld at eg avbraut meg sjølv, men eg kom plutselig på noko. Både Trine Skei Grande og Siv Jensen er damer! Og dei er leiarar i to av partia som kranglar om kven som har ansvaret for poseavgifta. Tanter er også damer. Så dette med «Tante Pose» blir berre morsommare og morsommare og meir og meir treffande. Og meir og meir originalt, desto meir eg tenker på det.

Og det må ikkje bli sånn at vi ikkje kan tillate oss å tøyse litt, vi som skriv i avisa. Poseavgifta er kanskje ikkje ei stor sak, men vi må huske at politikk er både det lette og det tunge, det store og det lille, det høge og det lave, det kvite og det svarte, det blå og…

Dæven! No kom eg nettopp på ein ting til. FOT I POSE!!!! Tok du den? Det er jo eit uttrykk som heiter fot i hose. Og krangelen om poseavgifta blir liksom som fot i pose. Eller eigentlig det stikk motsette, men det er ikkje så farlig. Fot i pose! Er det morsomt, eller er det morsomt? Og no fekk eg endå ei melding få kollegaen min om at det var noko som heitte Fjose-posen i norsk politikk for skikkelig mange år sidan, så dette med posepolitikk er ikkje berre fjas og noko vi skriv om fordi det er artig med fot i pose og tante pose, vi skriv også om det fordi dette viser dei lange linjene tilbake i politikkens historie.

Såg du kva eg gjorde no? Eg fekk posevitsane til å handle om noko stort igjen. Det er dette eg meiner med at vi som skriv i avisa er opptatte av å gi deg ei djupare forståing av kva konsekvensar politikken og det politiske spelet har for kvardagen til vanlige menneske som deg og meg, at vi ønsker å vise deg dei langsiktige konsekvensane av dei kortsiktige kompromissa. Vi kan få ei kvar sak til å verke viktig, så lenge vi hentar oss inn med ei avslutning som er litt tvetydig og derfor ser meiningsfull ut. For eksempel:

Til sjuande og sist er det viktigaste kva som er oppi posen.

Satan, eg er god.


Først publisert i Aftenposten 29. november.

Les fleire Are Kalvø-tekstar her!