Ein plukka blome

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Sjå kva eg har fått, strålar Heidi Sævareid (29).

Ho har nesten ikkje tid til å helse. Dreg i staden opp eit rykande ferskt eksemplar av debutboka Spranget, som ho rekk meg. Andletet er eit breitt smil.

– Eg har fått mi første melding òg. Den var god. Eg vart ikkje slakta. Ho dumpar ned i stolen og minner ikkje så lite om eit born på julaftan.

Bokslepp med magedans
Denne veka feirar Heidi boksleppet med lanseringsfest på Liebling i Oslo. Lanseringa er del av festivalen Ladyfest, som i veka kring kvinnedagen set fokus på feminisme og likestilling. Boksleppet skal markerast med opplesing og magedans. Heidi tykkjer magedans kan passe fint når ein skal sleppe ei bok som handlar om ei ung jente sitt brot med eit radikalt kristent miljø.

– I slike miljø er ein redde for uanstendig åtferd, meiner Heidi.

I boka Spranget møter vi Janne, som på leit etter spaning og fellesskap blir med i det religiøse trussamfunnet Zion. Men medan søstera Anna finn seg godt til rette i Zion, byrjar Janne å lengte vekk. Ho tykkjer det er teit å ete is og sjå på amerikanske tale-dvdar, medan ein diskuterer om satanistar har kjøpt aksjar i Colgate. Ho tykkjer det er hyklersk at jenter og gutar liksom ikkje skal ligge saman før ekteskap, når alle gjer det likevel. Og ho blir provosert når ungdomsleiaren seier at ho må kle på seg når ho dansar. Det kan vere vanskeleg for gutane, meiner leiaren, og dermed må Janne trekkje t-skjorta godt ned og danse i vide armybukser.

Debutanten Heidi sit på Bare Jazz i Oslo og er spent.

– Når du stikk hovudet fram slik eg har gjort, vert det rimeleg spanande å høyre kva folk tykkjer. Men no har eg fått ei god melding. Då skal eg tole litt slakt, ler Heidi – omsetjar, bokmeldar, frilansar, yogainstruktør og no endeleg – forfattar.

LES OGSÅ: Mekaniske jenter

Å stikke hovudet fram
Heidi har stukke hovudet fram før, og ikkje berre som bokmeldar. I fjor publiserte ho teksten ”Jeg kjente ham godt”. Teksten ligg på Voldtekt i Norge sine nettsider, handlar om overgrep i nære relasjonar, og stadfestar det ein fort anar: Heidi er ikkje så veldig redd for å snakke om ting.

Då Heidi var tretten år meldte ho seg inn i eit trussamfunn i Kristiansand. Debutanten har ikkje skrive ei bok om seg sjølv. Men det er nesten umogeleg å ikkje leite etter historia til Heidi i historia om Janne.

– Eg skjønar at det blir slik. Å nekte for at det er lenkjer mellom røynda og det fiktive vert fjollete. Men historia i Spranget er først og fremst fiksjon, og den handlar ikkje berre om det trussamfunnet eg var med i. Den handlar om radikal kristendom, og føregår i eit oppdikta miljø i Oslo. På mange måtar er historia til Janne ein dempa versjon av det eg sjølv har opplevd, seier Heidi.

– Kvifor har boksleppet ditt blitt ein del av Ladyfest?

– Fordi eg har skrive ei bok frå eit miljø med veldig tradisjonelle kjønnsroller. Mannen skal vere familien sitt overhovud. Sex før ekteskap er tabu, og dei som gjer det likevel held det skjult. Mange knyt synd og skam til sin eigen seksualitet. Særleg vert kvinner sin seksualitet usynleggjort. I staden vert dei indirekte eller direkte oppmoda til å ta omsyn til mannen sine lyster og ikkje gjere det vanskeleg for menn. Det er eit forkvakla syn, meiner Heidi.

Og konsekvensane kan bli store, ifølgje forfattaren.

– Eg meiner måten desse samfunna ofte underviser om seksualitet på kan vere veldig skadeleg. Jentene får ansvaret, og trur dei har ansvaret. Det opnar for overgrep, og det gjer det vanskelegare å seie ifrå om overgrep. Ein kan ende opp med å tru at samleie mot eiga vilje er eins eigen feil.

Slike haldningar spela også inn då Heidi skreiv om si eigne opplevingar hjå Voldtekt i Norge.

– Eg var lei av korleis valdtektsoffer alltid vert portrettert – som regel bakfrå, kanskje ruslande i einsemje med hunden sin langs ein aude veg. Står du fram som valdtektsoffer vert du ikkje kvitt stempelet som skjør og øydelagt. Så eg tenkte – eg er ikkje eit offer, og for meg kostar det ikkje så mykje å fortelje om kva valdtekt kan vere. Som at det er valdtekt når ein har sagt nei, sjølv om ein dagen før har sagt ja. At oralsex også kan vere valdtekt. At kjærastar også kan valdta. At gutar også kan bli valdtatt.

Heidi trur mange er einige, men at slike valdtekter vert sett på som mindre alvorlege enn overgrepsvaldtekt.

– Når nokon hoppar fram frå ei busk og kastar seg over ei kvinne, er det så mykje lettare å sjå det valdelege i handlinga. Derfor er det ofte lettare å melde slike valdtekter til politiet, enn dei som skjer i nære relasjonar, meiner Heidi.

Hendingane som Heidi fortel om vart aldri meldt til politiet, og ingen er dømt i saka.

Når blomen forsvinn
Heidi si historie verkar dramatisk, men ordet ”offer” rekk i grunn ikkje å dukke opp. Kanskje fordi det er ingenting offeraktig ved Heidi. Eller kanskje fordi Heidi allereie er vidare til neste poeng, og ein ikkje har tid.

Ho fortel vidare om miljøa ho har skrive bok om – om korleis kvinneleg seksualitet ofte vert framstilt som noko ein må verne; som eit eple, som minskar når ein tek eit bit. Eller ein blome, som visnar når den vert plukka.

– Det er som om kvinner har ein verdifull skatt, som vert øydelagt om ho let nokon røre henne. Tenk på metaforen ”å misse blomen” om å ha sex for første gong. Ein snakkar aldri om menn som misser blomen.

Heidi ler litt av tanken på menn som misser blomen sin. Ho meiner ikkje at alle kristne miljø forvaltar eit slikt syn på seksualitet. Men ho meiner radikal kristendom gjer det, og ho meiner ungdomsleiarane i desse miljøa har eit stort ansvar.

– Eg vil ikkje vere del av ein tofronts krig, der eg anten må vere ein militant ateist eller gladkristen. Det er mykje fint med desse miljøa òg – samhald og inkludering. Men kvinnesynet er utgått. Og det kan vere farleg.

LES OGSÅ: Forbyr omvending av homofile

(saka held fram under bildet)

Ungdomslitteratur
Vi møtast på Bare Jazz i Grensen. Der møter også hovudpersonen i Spranget att guten ho var forelska i i trussamfunnet Zion.

Han som også verka litt lunken til Jesus og møta og å be i parken, og som Janne trur er heilt lik henne sjølv. Han som ho trudde skulle ta eit oppgjer med trussamfunnet saman med henne. To år er gått. Men Janne er framleis sint. Ho er sint på Peter, sint på ungdomsleiarane, og sint på søstera si, som framleis er med i Zion.

Sprangethandlar kanskje ikkje så mykje om kvinnesak, som den handlar om ungdommar som prøver å finne sin plass.

– Nei, kvinnesak var ikkje eit motiv i seg sjølve. Men det snik seg inn av seg sjølve, gjennom miljøa si stive oppfatningar av roller. Det er ei scene i boka eg er spent på om tenåringar vil forstå, der Janne tek på seg sjølv under dyna. Den forsøker å syne kor vondt og skadeleg det kan vere når seksualiteten din blir usynleggjort.

LES OGSÅ: Kom skeivt ut

Farlege fasitar
Når ein snakkar med Heidi kjennest det som at det ikkje er så farlig å snakke om vanskelege ting. Det farlege er å ha fasitsvara klare, meiner forfattaren.

– Ungdommar må få lov til å finne ut av sin eigen seksualitet, utan at nokon har fasiten klar.

Ho vil vere med på Ladyfest fordi det er viktig å peike ut område i samfunnet der nokre grupper ikkje får vere med på den utviklinga vi elles tar for gjeve.

– Det handlar ikkje om å lage lovar eller reglar. Det handlar om å forsøke å påverke. Og det handlar om å ikkje la nokre miljø segle sin eigen sjø.