Ein misjonerande livsstil

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I oktober skal 250 ungdommar gå dør til dør med biblar til 32.600 husstandar i Finmark. To millionar vil det truleg koste å tilby alle ein norsk bibel. Dei samisktalande får og tilbod om Lukas-evangeliet omsett til samisk og informasjon om den nye samiske omsettinga som kjem i 2019.

Framtida.no snakkar med unge eldsjeler, om kva det er som driv dei. Les meir her!

LES OGSÅ: Set Jesus framføre familien

Dør til dør
Leiaren i Ungdom I Oppdrag (UIO), Andreas Nordli, ler når han får spørsmål om dei er redde for å verte forveksla med Jehovas vitne. Dei har tenkt tanken.

Det kan jo kjennast litt påtrengande å troppe opp på døra til folk, forklarar Nordli, som prøver å syte for at så mange som mogleg er budd på besøket.

Initiativet skjer i samband med eit uttalt mål om at alle menneskjer i verda skal ha fått tilbod om sin eigen bibel på eit språk dei forstår før 2030.

Skal me rekkje det må me jo byrja, seier 39-åringen, som drøymer om å rekkje over heile landet.

LES OGSÅ: Naturens stemme

Wycliffe-tilhengjar
Kvifor er Ungdom i Oppdrag sitt arbeid viktig?

Ja, det var det. Me trur jo på Jesus og han har gitt oss misjonsbefalinga, som går ut på at ein skal gje evangeliet til alle menneskjer.

Kva var det første som fekk deg til å bry deg?

Visjon og venskap. Eg har jobba i UIO sidan eg var 20 år og det som fekk meg til å byrje, var at eg opplevde at eg fekk rom til å røre meg. Det vart gitt ansvar og tillit til unge menneskjer, noko som kanskje ikkje var så vanleg der eg kom frå.

Kven er ditt største førebilete innan feltet du er engasjert i?

Kan eg få tenkje litt på det? …Det må vere John Wycliffe, han som omsette bibelen til engelsk og gjorde han tilgjengeleg for vanlege engelskmenn. Fram til 1500-talet var ikkje bibelen tilgjengeleg for folk flest, fordi han var skriven på latin, som var elitens maktspråk.

LES OGSÅ: Ungt Engasjement

Jesus og Klanen
Kor oppslukt er du i arbeidet for Ungdom I Oppdrag på ein skala frå 1 til 10?

Spør du kona mi så er eg oppe i 11. Det er jo ein livsstil så kanskje 8-9.

Kva bruker du resten av energien din på?

Fotball og ungar. Eg er på Ullevål og står med Klanen så ofte eg kan. Eg ser på meir enn eg spelar, til det er eg vorten for gammal og feit, spøkar Nordli, som med sine fem born snart har eit eige fotballag.

LES OGSÅ: Vil redde verda

Kor ofte har du UIO-relaterte draumar om natta?

Ganske sjeldan, eg drøymer faktisk ikkje om natta.

Og i den verkelege verda kva drøymer du om å oppnå med ditt engasjement?

Det er to ting eg drøymer om: Den eine er at alle menneskjer i verden skal vekse opp i stand til å ta eigne val, det viktigaste for at alle har tilgang på skule og helsetenester, og får vekse opp i eit demokrati. Det andre eg drøymer om er at alle i verda skal få høve til å ta eit standpunkt til personen Jesus. Då må dei alle først få moglegheita til å høyre om han, avsluttar Nordli, som tek sin del av jobben for å realisere den draumen.

Faktaboks

Fakta:

I sommar vil Framtida.no løfte fram ungt engasjement, ved å setje fokus på unge som brenn for ei sak. Denne veka fortel Andreas Nordli frå Ungdom i Oppdrag om det han brenn for.

Gå til temasidene våre med intervju med andre eldsjeler!