Ein hyllest til kvinnelege animatørar

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Får 1,1 mill til likestillingsfilm

Animatør Martine Grande (28) har i år fått oppfylt draumen om å gje ut barnebok. «Kakerlakken med den stygge frakken … og hovudet fullt av triste tankar» kom ut på Samlaget før filmen med same tittel hadde premiere på filmfestivalen i Haugesund og vart synt på NRK.

Seinare har ho reist rundt og lese frå boka og synt filmen til born. Nokre er musestille, nokre spør om kakerlakkane og andre lurar på om ho likar Justin Bieber.

Sjå filmen på NRK sine nettsider.

Tospråkleg debutant
Etter å ha budd nesten ti år i Volda vart det naturleg å skrive på nynorsk, sjølv om hovudmålet eigentleg er bokmål.

– No ser eg på meg sjølv som tospråkleg. Begge målformene kjem like naturleg, fortel Grande, som opphavleg kjem frå Lierne i Nord Trøndelag.

Ho er oppteken av å halde på dialekta si og freistar å skrive så dialektnært som mogleg, då eigna nynorsk seg best.

Trøndaren har alltid vore glad i barnelitteratur, og var heldig nok til å få høyre høgtlesinga meint for veslesyster lenge.

Det første steget mot å jobbe med det sjølv, tok ho då ho arbeidde med å lage animasjonsfilm med dei populære figurane Jakob og Neikob, kjent frå Kari Stai sine kritikarroste barnebøker.

LES OGSÅ:  – Nynorsk litteratur har aldri stått sterkare

Animasjonsmiljø
Martine Grande er ein del av det høgst levande animasjonsmiljøet i sunnmørsbygda Volda. Etter å ha studert animasjon i Volda flytta ho attende til studiebygda. Noko ho ikkje angrar på. Ho trivest godt.

I kontora på kulturnæringshagen sit ho omgitt av andre som held på med animasjon og illustrasjon.

– Ein finn folk ein treng her, noko som er flott til å vere ein så liten plass, seier Grande.

Ho fekk hjelp av ein animatør som held til i Volda og ein frå Vigra til «Kakerlakken med den stygge frakken … og hovudet fullt av triste tankar».

Det er heller ikkje langt til Bergen eller Oslo med fly, om det skulle vere naudsynt.

LES OGSÅ: Feirar 100 år med norsk animasjon

Det neste store
Grande er allereie i gang med sitt neste store prosjekt. Ho har skrive manus til kortfilmen The Lonely Catwalk, som nyleg fekk  1,1 millionar i støtte frå Norsk filminstitutt og 200.000 kroner frå Vestnorsk filmsenter. Med eit budsjett på litt over 2,1 millionar er finansieringa ikkje heilt spikra. Det håpar Grande å få på plass på nyåret, før sjølve produksjonen startar i mai.

Ho er sjølv både regissør og produsent, men må hente inn forsterkningar til animasjonane. Filmprosjektet er ambisiøst.

På under ni minutt skal Grande fortelje om likestilling i fortid, framtid og notid. Markante kvinnelege animatørar og illustratørar skal få sin hyllest gjennom bruk av deira ulike teknikkar.

Engelsk nordmann
På lydsporet er det heile forma som ein engelsk monolog av ei mannsstemme. For Grande ser for seg filmen som eit innslag på internasjonale festivalar

– Eg har tenkt at han skal ha norsk aksent, slik at han har ei tilknyting her, fortel skaparen.

Ho snakkar med patos om filmprosjektet. Det er store tema: femininitet, diskriminering, myter og makt. Kva likskapar finst mellom kjønna?  Kva vil det seie å vere kvinne?

– Filmen skal diskutere framfor å konkludere. Eg vil ikkje trykkje på nokon ei sanning, seier Grande, og medgjev at prosjektet er stort. Frykteleg stort.

Det vert ei historie som spring i tid, ei tenkerekkje, framfor ei fast forteljing, forklarar regissøren.

Ho vil få folk til å tenkje og diskutere. Og utanfor Noregs grenser.

– For det er andre land som slit meir med likestilling enn Noreg, peikar filmskaparen på.