Ein arena for ekstremisme og islamofobi

Debatt
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ein arena for islamofobi

På sitt årsmøte tidlegare denne månaden, vedtok Hordaland SU ei fråsegn med tittelen «Ein arena for islamofobi – korttenkt av Regnbogedagane». Ved fyrste blikk, kan tittelen vere forvirrande. Korleis skapar Regnbogedagane ein arena for islamofobi, er ikkje dei berre ein pride-festival? Problemet ligg i ein av debattane som skal finne stad under festivalen.

For medan organisasjonar som Skeiv Verden arbeidar med toleranse og respekt på tvers av etnisitetar og legningar, tek vestlandets største skeive festival eit steg bakover. Med debatten «Homofili og Islam – Frykt for Kvarandre», som skal finne stad 20:00, 3. Juni, i Det Akademiske Kvarter, gir Regnbogedagane to av dei største islamofobane i Noreg spelerom. Christian Tybring-Gjedde og Hege Storhaug er kjend for deira islamofobiske utsegn, og deira skremselspropaganda. Er dei verkeleg dei rette debattantane å velje for ein festival som feirar toleranse og respekt?

I skildringa av arrangementet kan ein mellom anna lese at fleire lesbiske og homofile oppsøker innvandringsfiendtlige miljø, at Islamsk Råd i Noreg ikkje tek avstand frå dødsstraff for homofili, og at fleire politikarar prøvar å rosa-vaske dei innvandringsfiendtlige meiningane sine, ved å skyve LHBT-gruppa framføre seg. Problemstillingane er særs relevante, og debatten høyres særs interessant ut; kor gjekk det galt?

Problematikken byrjar med tittelen. «Homofili og Islam – Frykt for kvarandre?» Tittelen manar fram eit bilete av to forskjellige grupper: Homofile, og muslimar. Interseksjonelle problemstillingar om korleis det er å vere skeiv og muslim, vert kasta rett ut av vindauget.

Når dei i tillegg gir to av dei største islamofobane i Noreg ein arena kor dei kan spy ut hatprat og skremselspropaganda – då vert det openbert akkurat kor korttenkte arrangørane for Regnbogedagane har vore når dei la føringane for denne debatten.

Eit anna problem var at dei ikkje hadde skaffa ein representant for Islam, noko som til ein viss grad har løyst seg ved at Yousef Assidiq sa seg viljug til å stille til debatten. Det er likevel synd at dei ikkje har ein representant for skeive muslimar.

Ein av debattantane, Christian Tybring-Gjedde, er mellom anna kjent for å rosa-vaske sine innvandringsfiendtlige standpunkt ved å sette muslimar og skeive opp mot kvarandre. Ironien i dette, er at Framstegspartiet ikkje viste teikn på å bry seg om homofile sine rettar, før dei fann ut at dei kunne bruke homofile for å legitimera sin kritikk av innvandrarmiljø – ei problemstilling som forresten er like aktuell, når det kjem til Framstegspartiet sitt plutselege engasjement i kvinnesaka.

Den andre debattanten, Hege Storhaug, har dei siste vekene fått mykje merksemd, etter mellom anna å ha kalla Erna Solberg ein kultursvikar. Bakgrunnen for dette var at Statsministeren hadde besøkt ein moské i Oslo, for å høyre på historiene til unge muslimar.

No skal det seies at debatten ikkje har funne stad enno, og at eg ikkje kan vere sikker på korleis Hege Storhaug og Christian Tybring-Gjedde vil debattere, men for meg er det likevel klart at desse to debattantane vil bidra til å senke nivået på debatten. Eg kjem likevel til å sette meg på første rad for å sjå dei verte argumentert i senk av Yousef Assidiq og Audun Lysbakken.