Ei historie om kor mykje eit menneske kan tole

Åsmund H. Eikenes
Publisert
Oppdatert 04.06.2017 19:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kor mykje kan ein flyktning tole?

– Eg er ekstremt nyfiken på folk, og har alltid blitt trukke mot folk som lever på sida av A4-livet, fortel Katrine Sele.

Framtida.no møter forfattaren til ein prat om Jølster hotell. Historier frå eit asylmottak., ei bok basert på møtet med asylsøkarane som flytta inn i nabolaget hennar på Vassenden i Jølster i 2010.

– Til bygda mi kom det hundre nye menneske. Dei første åra kom det flest frå afrikanske land, og sidan kom det mange frå Syria. Dei var synlege i lokalmiljøet vårt, men levde på eit vis på utsida, fortel Sele.

LES OGSÅ: UDI: – Asylmottak er aldri ein god idé

Shaban frå Etiopia
Sele starta å arbeide frivillig i resepsjonen på mottaket, og inspirert av NRK-serien Helene flytter inn, flytta ho også inn på det gamle hotellet i to dagar.

Slik traff ho Shaban, ei ung jente frå landsbygda i Etiopia. Møtet med den unge jenta gjorde inntrykk.

– Shaban lurte på nokre ting om Noreg, og så kom vi i snakk. Ho er ei sterk, ung dame som hadde reist nesten hundre år i tid. I landsbyen hennar laga dei mat på bål, budde i jordhytter og starta dagen med å gå ut med husdyra. Ho måtte flykte etter trugslar om tvangsekteskap og æresdrap, og kom åleine til Noreg.

I boka har Sele latt Shaban og åtte andre personar fortelje med sine eigne stemmer. Shaban sitt første møte med Noreg lyder slik:

«Eg skjønte ikkje meininga med dei kvite stripene på vegen. Lyset var raudt, likevel kryssa eg vegen, for eg visste ingenting om slikt! Eg hadde på meg sandalar frå Afrika. Ingen støvlar, inga jakke. Eg gret. Ei kvinne spurde meg: «Har du inga jakke, ingenting?» Så gav ho meg ei jakke, og vatn å drikke, pasta å ete.»

LES OGSÅ: 182 forsvann frå mottak for mindreårige

Mistar motet
Sele fortel at mange av asylsøkjarane vert sterkt prega av ventinga ved mottaket, og særleg av uvissa om, og eventuelt når, dei får opphald.

– Det er ekstremt krevjande å vere flyktning. Mange mistar motet på vegen.

Mange har nytta alle sparepengane sine for å kome seg unna vald eller krig. Når dei endeleg kjem fram til eit asylmottak må dei starte med å vente i staden for å kome i gang med det nye livet.

– Ein av dei unge mennene eg møtte var ein 28-årig ingeniør. Eg traff han då han kom til mottaket. Då var han energisk og glødande. Veldig fort såg eg lyset gå ut av augene hans.

Sele fortel at det gjorde inntrykk å oppdage håpløysa i det norske mottakssystemet.

– Asylsøkjarane bur i nedslitte hus og lever på eit økonomisk minimum. Tida er retningslaus, og det er svært vanskeleg å få løyve til å arbeide og gjere noko med liva sine. I fjor kom det om lag 3000 flyktningar hit, men det dei opplever er nokså Kafka-aktig, seier ho.

KatrineSeleAEikenes1Web
– Eg er ekstremt nyfiken på folk, og har alltid blitt trukke mot folk som lev på sida av A4-livet, fortel  Katrine Sele. Foto: Åsmund H. Eikenes

Å forstå kvarandre
Sjølv om mange har flykta frå ekstreme situasjonar og har utfordrande venteperiodar ved norske asylmottak, trur Sele at alle kan kjenne seg att i kjensler som tap, sakn og det å forlate noko. Sjølv har ho fått ni nye vener i løpet av tida ho arbeidde med boka.

– Eg opplevde at eg forstod dei betre, og at dei forstod meg betre, seier Sele.

Sju av dei ni personane som har bidrege til boka har fått opphald. I februar kom vedtaket om at asylmottaket i Jølster hotell skal leggjast ned.

– Dei fleste av dei eg møtte har blitt busette rundt om i landet, seier ho, og fortel at ho framleis har kontakt med nokre av flyktningane.

Har du lyst å bidra til integrering? Her er nokre tips!

– Om eg berre får sjansen
Situasjonen for Shaban er ikkje avklart. No bur ho i Bergen for å vere saman med far til sonen Ahmed, og har høge ambisjonar for framtida i Noreg. Mot slutten av boka fortel Shaban det slik:

«Det store målet mitt er ein dag å få jobbe med menneskerettar … eg vil gjere situasjonen betre for kvinner i heimlandet mitt. Særleg har eg lyst til å jobbe for å sikre jenter retten til utdanning. Å … om eg berre får positivt svar, så vent og sjå! Ja, eg trur du kjem til å få sjå det. Om ti år vil eg ha fått til så mykje. Eg kjenner det på meg. Eg veit eg kan gjere noko stort, om eg berre får sjansen.»

– Det er ei historie om kor mykje eit menneske kan tole, avsluttar Sele.

Les også om folkehøgskular som tek inn mindreårige asylsøkjarar: – Dette må vere den beste måten å integrera på