Ei diagnose, ikkje eit yrke

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Unnskyld at eg er litt sein, eg måtte berre assistere ein anestesilege med å setje inn ein epidural på fødekvinna mi. Det er så kjekt å sjå når kvinner med riesmerter, som ynskjer epidural, blir heilt andre menneske etter å ha fått smertestillande. Dei kviknar til, får fargen attende i fjeset og spør etter mat. Og så er det svært rørande å sjå korleis mannen føler med dama si, og tek seg av ho. Det er lett å bli rørt i slike situasjonar.

Jordmorstudent Gry Molvær er eit fyrverkeri av eit menneske. Ei lita, blond dame som osar av varme, men samstundes merker ein kjapt at denne dama er tøff. Beintøff. Det må ein nemleg vere om ein skal arbeide som jordmor. Ein skal tole å stå i blod, tårer og fostervatn. Ein skal tole at arbeidsdagen består av skriking og fødselsangst, og ein skal tole å sjå at andre har smerter. I tillegg skal ein meistre å rettleie kvinna fra å ta riene til hjelp i fødselen.

– Ein må vere sjølvstendig, trygg på seg sjølv og sine eigne avgjersler. Det var dette som tiltalte meg ved jordmoryrket. Det å våge å stole på seg sjølv i situasjonar som oppstår. Ein anestesilege vi hadde som lærar ein gong sa at jordmor ikkje er eit yrke, men ein diagnose! Kanskje han har litt rett i det, seier Gry og smiler.

For «situasjonar», det oppstår heile tida på Føde A på Ullevål Sjukehus. Det vart ingen fødsel å delta på for Gry denne dagen, sidan fødekvinna hennar endå har lenge att før det er tid for fødsel.

– Nokre gonger vert det høve til å følgje fødeparet og det nyfødde bornet over på barselhotellet, men i dag er det vaktskifte før eg får gjort det. Fødekvinna og bornet må vere hos oss på fødeavdelinga i minst to timar etter fødsel for observasjon. Difor tek påtroppande jordmor den oppgåva med mi fødekvinne i dag, forklarar Gry.

– Før i tida heitte jordmødrer gangkoner, nærkoner eller hjelpekoner. Dei gjekk frå gard til gard og hjelpte fødande kvinner. Det var eit kvinnedomene, ei kvinnesak. Kvinner hjelpte andre kvinner, seier Anne Margrethe Fylkesnes, Høgskulelektor på fakultet for helsefag ved Høgskulen i Oslo og Akershus.

Ho fortel med stor entusiasme om eit yrke som har røter heilt til 1500-talet.

Kunnskapen gjekk i arv frå gangkone til gangkone, og ofte frå mor til dotter. Småjentene var med rundt på gardane og fekk opplæring. Prestane hadde ansvaret for at gangkonene var moralske, gode og dyktige.

I 1780 blei det oppretta ei fødestove i Christiania. Der var det fri forpleiing av ytterlegare fattige koner og lause kvinner, og ein såg starten på eit institusjonalisert yrke.

– Fødestova var typisk for dei som ikkje hadde ein stad å bu. Dei aller fleste fødde jo heime på denne tida. Stova vart oppretta slik at dei som var dårleg stilte skulle ha ein trygg stad å føde, fortel Fylkesnes.

Med det norske jordmorreglementet i 1818 kom profesjonaliseringa. Landet blei oppdelt i jordmordistrikt, slik at ei jordmor opererte innanfor sitt distrikt. Frå no av skulle ein vere utdanna jordmor, og desse skulle ha monopol på fødehjelpa. Utdanninga fekk kvinnene i Danmark, der ein hadde hatt profesjonalisert utdanning sidan midten av 1700-talet.

Same år som jordmorreglementet blei det oppretta ei eiga utdanning i Noreg. På Christiania sivile sjukehus i Lille Strandgade var det ei fødestove som hadde eit rom med ti senger og eit rom med fire senger. I tillegg var der eit rom for pleiekonene og to læredøtrer, som dei kalla jordmorstudentane den gongen.

Tilbake til Føde A på Ullevål pratar jordmorstudenten Gry fort og engasjert. Det lange blonde håret er halvvegs sett opp i ein litt bustete hestehale. Ho er strålande blid, og har nokre små blodflekkar på den kvite uniforma.

– Eg har nettopp hatt ein fødsel, og den gjekk veldig fort! Då kvinna kom inn dørene her hadde ho allereie 8 centimeter opning. Når fleiregongsfødande er komne så langt i fødselsforløpet rekk ein som regel ikkje setje inn epidural før bornet er ute. Då er det betre å jobbe med å få fosterhovudet heilt ned på bekkenbotn og presse det ut. Denne gongen tok det berre eit eller to press før babyen var ute. Denne kvinna har født to born før og var kjempeflink! Ho jobba så bra med pressriene sine at ho til og med fødte uten rifter. Vil de vere med meg inn å undersøke morkaka?

Vi føl etter Gry inn i skyljerommet, der vi blir møtt av ein metallbenk der det ligg ein blodig, hinnedekt klump. Den er stor, mykje større enn vi hadde førestilt oss. Den kopparliknande lukta av blod heng svakt i rommet. Gry forklarar med stor iver kva som er kva, medan ho snur og vender på morkaka. Ho fortel at den er som ei skorpe, og at når den løsnar er det kjempeviktig at livmora trekk seg saman rimeleg raskt.

– Ein har ei sårflate som tilsvarar flata av morkaka inne i livmora, som kan blø. Difor er det viktig med rask komprimering etter at morkaka har løsna frå livmorveggen.

Ho fortel vidare at ein vel så viktig jobb som sjølve fødselen, er å sjekke morkaka etterpå. Det er viktig at den er heil. Er den ikkje det, kan det tyde på at det ligg hinnerestar frå morkaka inne i livmora. Det kan vere nok til å hindre livmora å trekke seg saman. Denne morkaka består testen, så no skal den vegast. Deretter målar Gry lengda på navlestrengen, og så vert alt lagt til destruering.

– Det finst jo spesielt interesserte som faktisk et morkaka. Det har ikkje eg fått førespurnad om hittil. Eg trur ikkje det er så vanleg her i Noreg, ein er kanskje litt meir jordnære her. Mange vil sjå den, medan andre vel å la det vere.

Gry fortel at sjølv om morkakestell er ein viktig jobb, er det ikkje dette ho som student gjer mest. På Ullevål syt nemleg rettleiarane godt for studentane sine, og nølar ikkje med å setje dei i utfordrande og lærerike situasjonar.

– Då vi starta med praksis på Ullevål i mai var det omtrent rett i gummihanskane. Ein får verkeleg prøvd seg frå første stund! Rett inn til fødekvinna, «kjenn her», «føl dette». Det er kjempespanande!

At det var jordmor Gry skulle bli, har slett ikkje vore klart frå dag ein. Etter nokre år som sjukepleiar ville ho prøve noko anna, og arbeidde lenge utanfor helsesektoren. For to-tre år sidan byrja ho å tenke på om ho kanskje skulle byggje vidare på grunnutdanninga si.

– Eg tykkjer det er så kjekt å sjå bilete frå då eg var lita. Eg hadde stetoskop og utførte liksomoperasjonar på brørne mine. Mor mi var også jordmor. Eg kjenner at dette var eit veldig riktig val for meg. Eg var ekstatisk glad då eg kom inn på jordmorutdanninga på Høgskulen i Oslo og Akershus, det var ei herleg kjensle!

– Ein skulle vere eit prakteksemplar for å bli jordmor, fortel Høgskulelektor Fylkesnes.

Det var mykje ein måtte legge ved i søknaden om utdanningsplass. Mellom anna måtte ein ha dåpsattest, attest frå presten, samt ein sedeleg vandel som attesterte at du ikkje var laus på tråden. Du måtte vise til at du hadde gode læreevner, samt ha erklæring frå lege at du var frisk.

– Det var jo ikkje så mange som fekk utdanning på den tida, så sånn sett trur eg det var litt stort å få ei formell utdanning.

Utdanninga var lenge sjukehusintern. Det vil seie at det var sjukehusa som dreiv den, og at det var ingen eigen skule eller utdanningsinstitusjon som det er i dag. Etter krigen kom det krav om at ein skulle ha sjukepleiarutdanning før ein fekk bli jordmor.

I 1969 blei utdanninga flytta frå gamle Rikshospitalet til Bygdøy til det som var gamle bustaden til Quisling, i dag Holocaustmuseet. No blei det ein jordmorleia skule, etablert under statens utdanningssenter for helsepersonell. Det blei tatt inn meir teori og lagt opp til eit meir systematisert teoretisk-praktisk program med tema og fag ein skulle gjennom.

Då utdanningssenteret på Bygdøy vart oppløyst i 1992, vart utdanninga lagt under sjukepleiarhøgskulen på Lørenskog. Seinare fusjonerte denne med Høgskulen i Oslo, som vi no kjenner som Høgskulen i Oslo og Akershus. I 2004 vart utdanning slik den er i dag: ei toårig etterutdanning for sjukepleiarar som har minst eit år praksis på baken.

– I desse dagar held vi på med ein søknad til Nasjonalt organ for kvalitet i utdanning om å få utdanninga godkjend som ein mastergrad, seier Fylkesnes.

Stell av den nyfødde står for tur. Vi vert med Gry og den nybakte faren inn på resucitasjonsrommet. Dersom det skjer noko akutt med dei nyfødde, blir dei hasta inn hit. Resucitasjon tyder gjenoppliving. På dette rommet har dei mellom anna utstyr til å suge ut slim, blod eller fostervatn ut frå lungene til babyen dersom det skulle vere naudsynt.

Heldigvis er det ikkje noko gale med den vesle jenta Gry tok i mot for ein dryg time sidan. Dette rommet blir nemleg også brukt til barnestell, det vil seie måling og veging av dei nyfødde.

Den ein time gamle jenta skrik det ho er god for då Gry forsiktig legg ho ned og tek av bleia. Gry pludrar og snakkar, og fører den vesle, rosa bornehanda inn i munnen til babyen. Dette roar dei av og til ned, forklarar ho.

– Trudde du det var ein pupp, lille venn? Nei det var ikkje det, men du kan no berre tru det, seier ho til den førebels namnlause nye verdsborgaren.

Ho fortel at når babyane er så små, kjenner dei seg veldig åleine utan mor i nærleiken. Tidleg hud-mot-hud kontakt er essensielt viktig dei første 4-6 timane etter fødselen av mange årsaker. Alt dei nyfødde gjer på dette stadiet er å søke etter pupp.

Far og dotter går attende på rommet til mor, og då er det nistetid for travle jordmorstudentar. Neste kvinne har berre fem centimeter opning, så då har Gry tid til å sette seg litt. Avslappa er ho likevel ikkje. Ho sit heilt på kanten av sofaen, klar til å bykse opp dersom noko skulle skje.

Ho et grovbrød med makrell i tomat, eit pålegg som minner mykje om det vi har vore med på i dag. Gry er heilt uaffektert, dette er berre ein vanleg dag på jobben.

Les saka i Universitas!