Ei annleis eksosrype

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Me fekk veldig god kjemi med ein gong, fortel Ida, som ikkje visste kven motspelaren var før innspeling.

Difor vart ho heller ikkje starstruck. Den einaste av skodespelarane ho kjente til frå før var Sven Nordin – som ho hadde sett i «Mot i brøstet».

LES OGSÅ: Manusmekkaren

Ein laaaang biltur
No veit ho – i likheit med dei fleste andre norske tenåringsjenter – kven Jenny Skavlan er. Forskjellen er berre at Ida har spelt mot ho – og ei rekkje andre kjente skodespelarar.

Særleg motspelar Anders Baasmo Christiansen fekk ho eit godt forhold til. Til tider kunne innspelingsdagane vere som ein lang biltur, der dei to fekk tida til å gå med prat og spørjeleikar.

Framtida møter den ferske filmstjerna på den raude løparen utfor Colosseum kino i Oslo. Det er pressevisning. Rånefaktoren er høg. I tillegg til motorbrus frå gatebilar, kryr det av mikrofonar og kamera.

14-åringen tykkjer det er heilt utruleg at ho – frå vesle Heidal i Gudbrandsdalen – har fått hovudrolla i det som av mange vert kalla Noregs svar på «The Fast and the Furious».

–Det er uvant å få så mykje merksemd, men det er òg kjempegøy, strålar den unge skodespelaren.

LES OGSÅ: Helene tevlar mot Noomi Rapace


Rollefiguren Nina er ei jente med bein i nasa. Foto: Erik Aavatsmark/ Filmkameratene & SF Norge 

Treklemming
I filmen speler Ida rolla som Nina Gundersen – dottera til mekanikar og bilentusiast Roy Gundersen. Foreldra er skilt og Nina bur langt vekke frå faren, men no skal ho vere hjå han i to veker, medan mor er på ferie. Det vert starten på ein heidundrande biltur på 2167 kilometer.

– Ho er ei tøff jente som likar å mekke bil. Ho er smart og litt tomboy, forklarar Ida, som ikkje deler bilinteressa med karakteren sin.

Ho har likevel vorte glad i «Lille Gul»– Ford Mustang Fastback frå 1967 – som ho har sitte mykje i.  

Men det er ikkje sannsynleg at ho no byrjar å råne med traktor heime på Heidal – som ho spøkar med at rånarane der gjer.

Ryktet vil ha det til at Ida sendte melding om at ho måtte ut å klemme eit tre, då ho fekk rolla – fordi ho bur så aude til. Sjølv er ho ikkje heilt sikker.

– Eg var i ein heilt rar tilstand og veit ikkje kva eg gjorde. Eg var heilt i hundre. Då castingansvarleg ringte til meg sa ho berre ein ting: «Du har fått rolla», så sa ho at: «No kan du få litt tid. Eg ringer deg opp att.»

Tårene trilla. Mor fekk klem og storesystera vart vekt.


Roy vil ikkje la den bilkyndige dottera Nina mekke på bilen.  Foto: Erik Aavatsmark/ Filmkameratene & SF Norge 

Eit ekte eventyr
På fritida driv Ida med teater, fotball, heng med vener og er glad i dyr.

Ida har aldri gått noko dramalinje på skulen, men har drive ein del med amatørteater på fritida – i tillegg til å spele fotball, henge med vener og at ho er glad i dyr.

Hennar fyrste rolle var då ho som 7-8-åring var med på Norsk Eventyrfestival heime i Heidal.

Seinare har ho vore med i «Kristin Lavransdatter» på Jørundgard – som vart bygd til filmatiseringa av Sigrid Undsets klassikar. I tillegg har ho spelt hovudrolla som liten ioppsettinga «Det fyrste Amerikabrevet».

Men dette er fyrste gong ho opptrer på det store lerretet.

Og det var faktisk eigar av Norsk Eventyrfestival, Trygve Svindland, som tipsa castingansvarleg i «Børning» om Ida.

Det viste seg å vere eit lurt tips. Etter fleire auditionar og prøvefilming fall valet på Ida.


Ida fekk god hjelp av medspelar Anders Baasmo Christiansen. Otto Jespersen i bakgrunnen.

Tomånaders roadtrip
Då ho fyrst hadde fått rolla var det ikkje tvil om at ho skulle takke ja. Foreldra køyrde ho til Lillehammer rundt denne tida i fjor, då innspelinga skulle starte. Der vart ho møtt av personen som skulle ha ansvar for ho. Deretter følgde to månader med innspeling langs norske vegar frå Oslo til Nordkapp. Foreldra møtte ho først att på endestasjonen, etter å ha vore to månadar på tur med det som i utgangspunktet var framande.

Det er difor med ein god del fleire erfaringar ho no startar i niandeklasse.

14-åringen har vekse mykje på å reise utan foreldre og ta ansvar for seg sjølv.

I tillegg har ho allereie før Noregspremieren skrive sine fyrste autografar – som vart meir som underskrifter ifølgje ho sjølv.

Ho har òg lært seg eitt og anna om eit yrke ho kan tenkje seg å drive meir med i framtida.

– Det er ikkje berre leik og moro. Det er lange slitsame dagar og ein må setje seg inn i tunge situasjonar, forklarar Ida.


Jenny Skavlan reagerer på nyheita om at bilen ho køyrde under innspeling er vraka. Trond Halbo kan heller ikkje tru nyheitene frå regissør Hallvard Bræin.

Langt til latteren
Noko av det viktigaste ho har lært på filmsettet er kor viktig det er å halde fokus i rolla for å hjelpe motspelaren, òg når ein sjølv er utanfor biletet. Ein må ha tunellsyn på oppgåvene sine heile tida på eit filmsett.

Og ho er ikkje i tvil om kva som var mest utfordrande.

– Å le er eg ikkje noko flink på. Det vert berre heilt feil. Det er betre å grine enn å le, smilar Ida.

Ho har sett filmen – utan å skjere mykje grimasar då ho såg seg sjølv på skjermen. No er ho veldig spent på kva vener, kjente og resten av Noreg synest.

Sjølv om publikummet etter alt å døme vert større enn det ho har hatt tidlegare, er det dei same tinga ho likar med å lage film som å stå på ei teaterscene.

– Det er så mange positive og glade folk som er saman om å lage noko. Ein får ei utfordring, så skal ein framføre den, seier Ida, som denne gang er ferdig med framføringa for lenge sidan.

Og det er ikkje fritt for at heimkommunen Sel gjer stas på si nye filmstjerne. Til helga vert det nemleg arrangert drive-in visning av filmen på Jørundgard – ei scene Ida kjenner godt frå før. Men denne gongen får ho sett seg sjølv frå publikumsplass – i ein bil.