Egil Olsen – låt for låt

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka var først publisert på nettsidene til Spirit. 

«Intro»
Bestemte meg tidlig for at dette var ei plate som måtte ha ein intro. Mørke synthar og djup stryking med boge på kontrabass vart løysinga. Introen er ein veldig seint spelt versjon av melodilinja til refrenget på «Find A Way», som er songen som opnar side B. Ekstra kjekt om du høyrer den på vinyl og har autistiske trekk eller litt ocd.

«What Happened»
Etter ei lengre periode med mykje turnering, lite skriving av ny musikk og ei slags tung tomheit både som artist og i livet elles, måtte eg stille meg sjølv spørsmålet; kva skjedde? Lufta var litt ute av ballongen, eg følte meg eldre på både godt og vondt, mest vondt, og var redd eg hadde mista både sjela og ballane mine. Alt dette, fint krydra med gamle analoge synthar, elpiano og litt triphoppete tromming.

LES OGSÅ: Egil Olsen – no også i dataspel 

«Autopilot»
Ein song eg gjekk og bar på i over eit år før den vart ferdig. Etter å ha blitt tvinga til å spele i eit bryllup med litt for høg reita-faktor, der alle prata og festa og bråka medan eg stod på scena, kom ein litt fjernare alkoholisert slektning bort til meg og sa: «Kva faen var det for noko Egil? Dette var ingenting, no var du på autopilot.» Han hadde sjølvsagt heilt rett. Eg fekk ikkje ordet autopilot ut av hovudet. Etter over eit år slo eg på trommemaskina og gjorde det om til ein trist og monoton poplåt.

«Don’t Just Say You Love Me Show Me»
Denne har vokst på meg og blitt ein favoritt. Den var litt vond å skrive og ubehagelig å vise til andre, men eg har fått so mykje positiv respons på den. Det er så mange som kjenner seg igjen i den, og det gjer meg så trist. Alle vil berre bli elska litt meir. Eg trur også noko av det finaste eg veit er to elgitarar i samspel pluss steelgitar.

LES OGSÅ: Brukte konfirmasjonsgåva til musikkvideo 

«Nothin (I Don’t Cry Anymore)»
Denne begynte eg på i bilen på vei til studio ein dag. Det slo meg at eg ikkje hadde felt ei tåre sidan eg høyrte Ingebjørg Brattland synge «Kom heller til meg her på fjellet», og det hadde nesten gått eit halvt år. Og det er lenge for ein emosjonell singer/songwriter. Eg kom i studioet mitt på Bøler og laga den ferdig på ein to tre, spelte inn ein demo, knakk saman og bestilte ein trøstepizza frå Bobos Pizza, Bøler si store stoltheit.

«Oh Lord (I Don’t Really Believe In You)»
Eg blei litt overraska når eg skreiv denne. Eg sat i studio og spelte piano og plutselig song eg til Gud. Eg trur ikkje på Gud, men likevel sat eg der og song til han. Det utvikla seg til ein litt meta song om mitt ambivalente forhold til religion. Det er temmelig store ord her, og bikkar vel over til å bli litt humoristisk, men i bunn og grunn var det faktisk ein sår og desperat situasjon, skulle eg plutselig begynne å tru på Gud?

LES OGSÅ: Sender musikalske landeplager til regjeringa 

«Find A Way»
Opninga av side B. Eller del 2. Det er vel her eg samlar motet og går inn for å finne ei løysing. Fun fact: Perkusjonen i bakgrunnen er eg som kakkar på fleire forskjellige kassegitarar. Anna funfact: Magnus Eliassen insisterte på at eg skulle legge den eit hakk opp, altso ein halvtone opp. Altso i C# ikkje C, for den som forstår slikt avansert musikkspråk. Meir funfacts? Nei.

«Tryin»
Veldig fornøgd med den. Føler eg fekk til noko klassisk med denne melodien. Første demoinnspelinga av «Tryin»var veldig pop. Eg er glad i god pop, men blir som regel uvel av å høyre meg sjølv i for popete produksjon. På den endelege innspelinga tona eg den veldig ned, men den fekk likevel både synthsolo og balladetromming på slutten.

«Write A Song About It»
Litt overraska over at eg skreiv denne. Synest alltid det er so teit når nokon seier til meg; «ja, det kan du skrive ein song om». Det skjer alt for ofte, at folk prøvar å vere joviale og kome med dårlege forslag til kva eg kan skrive songar om. Av og til blir du litt for smart til å skrive popmusikk, av og til blir rim banalt og dumt, og i staden for å gi opp og miste håpet skreiv eg ein song om det.

LES OGSÅ: Ny teikneserie om ”rockestjernelivet” 

«Good Talk»
Eg har veldig ofte hundane mine i studio. På plata prøvar eg å snakke med både Gud og stjernene, men det var til slutt hundane som hadde svaret på alt. Og som eg sa i eit presseskriv då vi slapp den som singel; «Svaret ligg alltid i deg sjølv, du treng berre den rette lyttaren. For meg er det hundane mine». Litt cheesy, men sant. Den eldste hunden kan faktisk snakke. Han seier sitt eige namn, Hellboy. heilt sant.

«About To Leave»
Slik er det diverre å vere ein singer / songwriter. Det er iallfall diverre slik det er å vere Egil Olsen. Blir du nysgjerring no? Litt? Fun fact: Eg har lånt ein ebow i mange mange år og fekk endelig brukt den i ein song. Enda meir nysgjerrig no? Lurer du på kva ein ebow er?

«Outro»
Har du ein intro må du vel nesten ha en outro. Outroen er nynning av temaet på «Oh Lord (I Don’t Really Believe In You)», som er songen som avsluttar side A. Altso det motsatte av det introen gjer. Med andre ord ekstra, ekstra kjekt om du har autistiske trekk eller litt ocd.