Egil Olsen er stor i Kina

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Egil Olsen kom nyleg tilbake frå to intense veker på turné i Kina. Han spelte åtte konsertar i åtte byar over heile landet.  Albumet «ooo what happened» vart nyleg lansert i japansk og kinesisk utgåve med bonussporet «somethin real (bona fide and sincere)».

Låten kjem no som singel her heime. Under opphaldet i Kina vart det også laga ein musikkvideo til låta, som dokumenterer opphaldet i landet. Videoen inneheld entusiastiske fans, enorme storbyar, kinamat, konsertopptak, og livet på den kinesiske vegen.

LES OGSÅ: Egil har truleg verdas minste turnébuss

LES OGSÅ: Laga dokumentar om seg sjølv

– Låten vart kutta frå albumet i siste liten, rett og slett fordi den vart for glad og energisk. Eg ville avslutte plata med berre eit glimt av lyset i enden av tunnelen. Bonussporet er sjølve lyset, på ein måte.  seier Olsen i ei pressemelding.

Han seier følgjande om stjernestatusen sin i Kina.

– Det er smått surrealistisk å vere popstjerne i Kina. Big in China. Eller som ein fan så fint sa det: «Fat, but cute».

Varmar opp for Mark Knopfler og Patti Smith

Denne veka spelar Egil Olsen på festivalen Norwegian Wood i Frognerparken. Der varmar han opp for Mark Knopfler (onsdag) og Patti Smith (fredag).

Les saka i Møre-Nytt!