Eg vil sjå språket mitt i avisa mi!

Janne Nygård
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

NULL

Eg er sikkert ikkje den einaste som likar å distrahere meg bort frå ein tung dag på kontoret eller ei keisam forelesning ved å surfe rundt på nettaviser. Kvar gong eg merkar konsentrasjonen forsvinne, er det lett å berre måtte sjekke dagbladet på nett, det kunne jo faktisk tenkast at det har skjedd noko heilt revolusjonerande nytt i nyhendebiletet sjølv om det kanskje berre er ti minutt sidan sist eg sjekka.

Mange unge les ikkje bøker. Men mange av desse les likevel mykje, og storparten av tekstane kjem frå media og særleg nettbaserte media som nettaviser. Når ein lærer eit språk, er det viktig å sjå språket i bruk. Berre prøv sjølv å verte god i til dømes fransk utan å lese ein einaste fransk tekst! Slik er det òg med norsk – vi utviklar språket vårt heile livet, òg etter endt skulegang. Ved å bruke språket, både lese og skrive det, vert vi sikrare på vår eigen språklege identitet.

Ikkje berre i skulen

For å lære nynorsk, held det ikkje med opplæringa i skulen åleine. For å lære språket (både som hovudmål og sidemål) er det viktig at språket er tilgjengeleg òg ellers i samfunnet. Dagbladet, VG og Aftenposten er alle riksdekkjande dagsaviser med målgruppe over heile landet. Likevel har dei framleis eit redaksjonelt forbod mot nynorsk i avisene sine, både på papir og nett. Det betyr at ingen av dei tilsette journalistane får lov til å bruke nynorsk i sakene dei skriv. Kvar gong nokon klikkar seg inn på nemnte nettavisene, misser vedkommande ein sjanse til å lære litt nynorsk. Vi er 600 000 nynorskbrukarar her i landet, og mange ser ikkje språket sitt dagleg. Kvar må dei leite for å finne språket sitt? Kun i Jon Fosse-skodespel?

Slepp nynorsken til!

Eg meiner ikkje at vi bør tvinge eit språk på nokon. Det eg vil er at forbodet mot nynorsk skal opphevast, slik at journalistar skal få lov til å skrive på det språket dei sjølv vil. Alt anna meiner eg er urettferdig og gammaldags. Om ein journalist skriv betre på nynorsk, kvifor tvinge han eller ho til å skrive bokmål? Dessutan trur eg at om det vert vanlegare å sjå nynorsk t.d. i nettavisene, vil det 1) verte enklare for nynorskbrukarar å halde på språket fordi det vert meir «vanleg» å skrive nynorsk, 2) verte enklare for elevar som lærer nynorsk som sidemål å tileigne seg språket fordi dei ser det oftare og 3) verte betre journalistikk om journalistar med nynorsk som hovudmål får lov til å skrive på sitt eige språk.

Sjølv om eg er nynorskbrukar, er eg like mykje nettavisforbrukar og fortener på lik linje som bokmålsbrukarar å sjå mitt eige språk i avisa mi. Slepp nynorsken til!