– Eg vil ha eggstokkar og vera mann

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka var først i Universitas, og er omsett til nynorsk for Framtida.no

Amnesty International fordømmer det norske kravet om sterilisering for å endra juridisk kjønn. I oktober 2014 tok regjeringa grep, og sette saman ei ekspertgruppe som skulle greia ut korleis praksisen kan endrast så fort som mogleg. 10. april la helseminister Bent Høie fram rapporten «Rett til rett kjønn – helse til alle kjønn».

Om rapporten blir til lov vil personar som ønskjer å skifta juridisk kjønn kunne gjera det utan å måtte sterilisera seg.

LES OGSÅ: Transmiljøet søkjer synlegheit

– Forslaget fleire skisserer for å endra juridisk kjønn er veldig bra, seier Luca Dalen Espseth, som sjølv er transperson og har vore ein del av ekspertgruppa. No arbeider han med masteroppgåva i tverrfaglege kjønnstudiar.

– Om lova blir sjåande ut slik me har skissert ho, trur eg det blir verdas beste lov for transpersonar.

Brot på menneskjerettane
Professor Mads Andenæs i rettsvitskap ved Universitetet i Oslo har saman med Eirik Bjørge skrive boka «Menneskerettene og oss», der han kritiserer myndigheitene for å ikkje bruka menneskjerettane slik individet har krav på. Han er særleg opptatt av korleis transpersonar blir diskriminert, og er glad for at dette endeleg skal på politikarane sin dagsorden.

–Slik eg ser det har ekspertgruppa bak rapporten komme fram til gode løysingar for transpersonar som vil endra juridisk kjønn i samsvar med eigen kjønnsidentitet og eige kjønnsuttrykk, seier professoren.

LEES OGSÅ: Kva kjønn er du?

Tvangssterilisering
Rapporten slår fast at praksisen om å måtte sterilisera seg for å endra juridisk kjønn, strider mot menneskjerettane.

– Norsk praksis har vore inngripande og er vanskeleg å forsvara. Individet er nedprioritert. Det er diverre ikkje uvanleg på menneskjerettsområdet. No har denne ekspertgruppa klargjort at dagens praksis er i strid med sentrale menneskjerettar. Det er bra, seier Andenæs.

Espseth påpeiker at samfunnsutviklinga ikkje skjer av seg sjølv.

– Det er ikkje slik at ein kan venta at noko slikt ikkje skjer i 2015. Me er ei lita gruppe som har blitt stigmatisert av storsamfunnet, og som ikkje torer å snakka høgt om det, seier han.

Han forstår likevel at det er vanskeleg å ta denne kampen for mange transpersonar.

– Eg vil ha eggstokkar og vera mann. Mange reagerer med å sei at eg ikkje kan få i både pose og sekk. Når ein blir møtt med slike reaksjonar, er det ikkje rart at mange transpersonar let vera å snakka høgt om det. Ein kan ikkje krevja at folk skal gjera livet sitt til eit politisk prosjekt, seier Espseth.

Sjukeleggjering
I dag må ein få diagnosen f64.0 – transseksualisme, for å få tilbod om behandling for å endra kjønn. Espseth er kritisk til at transpersonar må diagnostiserast for å få tilbod om hjelp, og meiner det er viktig at dei ikkje blir stempla som sjuke..

– Ei diagnose er den mest synlege markøren på kva som blir sett på som normalt og friskt. Transseksualisme er klassifisert som ei mental liding. Det gir inntrykk av at det er identiteten vår som er problemet, seier han.

Fleirtalet av ekspertutvalet bak rapporten, vil at det skal vera opp til transpersonane å avgjera om dei ønskjer behandling. Eit mindretal går derimot inn for ei forseinkingsmekanisme, som skal sørgja for at dei som vil skifta kjønn er heilt sikre. Noko overraskande består dette mindretalet av Harry Benjamins ressurssenter (Hbrs), som er ein organisasjon for transpersonar.

– Det er veldig interessant at dei ønskjer dårlegare rettar for si eiga gruppe enn for andre borgarar. Eg meiner forseinkingsmekanismar sender eit signal om at me ikkje er likeverdige, seier Espseth.

LES OGSÅ: Siger for transpersonar i Kenya

Skal bli enklare
Tone Maria Hansen, dagleg leiar i Hbrs, understreker at deira forslag også inneberer at det skal bli mykje enklare å skifta juridisk kjønn. Når det kjem til dei som ønskjer hormonbehandling eller kirurgi, trur ho det er hensiktsmessig med ein refleksjonsperiode.

– Sjølv om mange har tenkt på dette i fleire år, vil det også vera ein del som ikkje har gjort det. Avgrensar me oss til dei som søkjer seg til Rikshospitalet, veit me at ein del trekker seg frå utreiing. Me meiner det kan vera fornuftig med ei refleksjonstid, seier Hansen.

Ein tredje kjønnskategori
Fleire i transmiljøet har etterlyst innføring av ein tredje kjønnskategori. Framstegspartiets Ungdom (Fpu) står i bresjen for ei slik ordning.

– Det er viktig å innføra ein tredje kjønnskategori fordi enkelte menneskjer ikkje føler seg som kvinne eller mann. Systemet må tilpassast enkeltindividet, og ikkje omvendt, seier Bjørn-Kristian Svendsrud frå Fpu.

Espseth trur at ein tredje kjønnskategori vil gi anerkjenning til dei som ikkje kjenner seg igjen i det binære kjønnsuttrykket, og ønskjer forslaget velkommen. Han håpar diskusjonen vil halda fram, og at den vil engasjera heile breidda av det norske politiske landskapet.

LES OGSÅ: Fristad for trans*ungdom