– Eg veit ikkje korleis eg skal læra bort nynorsk

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Treng nynorskmotivasjon

– Eg var svært lite motivert for å læra nynorsk, så eg veit ikkje korleis eg skal læra det bort, medgjev Tage Pedersen Dorholt frå Lunde i Telemark.

21-åringen er førsteårsstudent på allmennlærarutdanninga frå 5.-10. trinn på Høyskolen i Oslo og Akershus.

På oppmoding frå ein førelesar har han og medstudent Julie Bjørnstadjordet (20) fått fri frå praksisperioden for å delta på Nynorsk motivasjonsdag.

Seminaret vart skipa av Bærum Mållag, Fylkesmållaget Vikværingen og Oslo Mållag.

Kvifor nynorsk?
Onsdag var rundt 130 lærarar frå Oslo og Akershus samla på ein fullstappa Bikube på Det Norske Teatret for å få inspirasjon til korleis undervisa betre i nynorsk.

– Eg tenkjer det er mange elevar som vil kome til oss med spørsmål om kvifor dei skal læra nynorsk. No får me eit litt betre svar på det og inspirasjon til å fornya undervisninga, slik at det ikkje vert dei same, gamle, demotiverande greiene, seier Bjørnstadjordet.

20-åringen hugsar nynorskundervisninga på ungdomsskulen som lite motiverande.

– I tillegg er det ofte eldre søsken eller vener som snakkar det ned, seier ho.

Lærarstudenten meiner at dei fleste elevane ikkje lærer nynorsk godt nok til at dei opplever meistringskjensle.

– Me har lært at ein kan bruka fleire, men kortare tekstar. Slik føler ikkje elevane at dei får vatn over hovudet. For sjølv om det er mykje som er likt bokmål, er det òg mykje som er annleis, seier ho. 


Slik såg det ut då kring 130 lærarar frå Oslo og Akershus samla seg for Nynorsk Motivasjonsdag på Det Norske Teatret, arrangert av Bærum Mållag, Fylkesmållaget Vikværingen og Oslo Mållag. 

Korleis gjera nynorsk kult?
Marit Lovise Brekke frå Nynorsksenteret i Volda kom med ei klar oppmoding til lærarane om å bruka ressursane dei har tilgjengeleg og gjerne ta kontakt for felles prosjekt.

I tillegg haldt lektor og leiar i Noregs Mållag Magne Aasbrenn heldt innlegg om korleis gjera nynorsk kult for austlandselevar. Her trekk han fram ein illustrasjon som Arild Midthun teikna til Erna Osland si bok Ivar Aasen. Ei historie om kjærleik.

– Eg trur at biletet av Ivar Aasen som gamal gubbe forstyrrar litt. Ein må få fram at han byrja å skriva om språket som 22-åring. Han var ein ung idealist, som var oppteken av å samla språket til bøndene, framfor folk i hovudstaden. Denne rettferdstanken trur eg appellerer til unge, seier Magne Aasbrenn som har vore lektor ved Frederik II videregåande skole i Fredrikstad i ei årrekkje.

Aasbrenn sitt viktigaste tips til lærarane er å la elevane lesa ekte publikasjonar, framfor resirkulerte skuleoppgåver.

– Ein kan nytta levande nynorskblad som lokalaviser og Framtida.no. Eit tips for å finna nynorsk på nett er å skriva ikkje i Google, då unngår ein stoff som ser fem generasjonar gamalt ut.

LES OGSÅ: Slik bruker me Framtida.no i sidemålsundervisinga

Vitamininnsprøyting
Dagen derpå er styremedlem i Fylkesmållaget Vikværingen, Håvard Tangen, strålande nøgd.

– Det er ikkje ofte ein klarar å mønstre så mange ikkje-medlemmer. Det var nesten like mange som kjem på landsmøtet til Noregs Mållag, men her var eit fåtal medlemmer. Det var mange nyfikne lærarar som hadde lyst å få meir kunnskap og utvikla seg. Det trengs alltid vidareutdanning og ei vitamininnsprøyting – og det er jo det me driv med, seier Tangen.

Han håpar det vert fleire store motivasjonsdagar i hovudstaden. I tillegg ser Tangen for seg at lærarar i andre regionsenter – som Bergen, Stavanger og Trondheim – kan ha nytte av eit slikt seminar.

LES OGSÅ: Oslo-elevar byter til nynorsk. Han ville finna ut kvifor

LES OGSÅ: Tilrår jamleg dusj med nynorsk

LES OGSÅ: Framtidas superlærarar kan nynorsk

Faktaboks

Nynorsk motivasjonsdag har fått tilskot frå Utdanningsetaten i Oslo kommune, Noregs Mållag, Bergesenstiftelsen og målnemnda i Bondeungdomslaget i Oslo.