Eg skal gi deg artig

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Nokre ting bør ein rett og slett ikkje tenke for mykje på. For eksempel kva slags folk det eigentlig er som styrer oss. Viss du først begynner å tenke på det, då er det vanskelig å konkludere med noko anna enn at vi blir styrt av folk som har eit heilt anna syn enn oss andre på kva som er normalt, friskt og morsomt.

Kva ord brukte for eksempel landbruksminister Sylvi Listhaug då ho blei spurt om korleis det var å stå framfor nokre tusen fiendtlig innstilte bønder denne veka? Kva sa ho i intervju etterpå?

Ho sa at ho syntest det var artig.

Artig.

Eg meiner, ærlig talt. Det er jo ikkje normalt. Det er jo ikkje friskt.

Artig?

Skummelt, kanskje. Bittelitt pirrande, til og med, om du er tilbøyelig til å like denslags.

Men artig?!

Når eg høyrer slikt, tenker eg: Kva slags folk er det eigentlig som styrer oss?

Og eg tenker: Viss eg nokon gong blir invitert på fest hos Sylvi Listhaug, då må eg ikkje finne på å takke ja. Fuglane veit kva som går føre seg på fest hos ei vertinne som synest det er «artig» å henge saman med tusenvis av folk som hatar deg og slår på ting. Og har traktor.

Og denne veka blei det klart at den nye opposisjonsleiaren heiter Jonas Gahr Støre. Det er sjølvsagt litt skremmande i seg sjølv, men det som igjen fekk meg til å lure på kva slags folk det er som styrer oss, det var at Jonas Gahr Støre visstnok bestemte seg for å takke ja til leiarvervet åleine på ein fjelltopp i påskeferien. Der stod han og såg ut over landet sitt og sa: «Ja!»

Noko som naturligvis er eit overraskande kort og klart svar til han å vere. Dette er trass alt ein mann som seier ting som «Politikk er et bevegelig felt» med såpass alvorlig ansikt at du nesten trur det er ei setning som gir meining.

Det vitnar dessutan om overraskande liten vilje til dialog til han å vere, at han bestemmer seg for ting på ein plass der han kan vere heilt sikker på å sleppe motargument.

Men først og fremst er det altså grunn til å spørje: Kva slags folk er det eigentlig som styrer oss? Folk som står åleine, langt unna andre og seier «Ja!» til ein politisk toppjobb. Kva slags sjukt syn på verkeligheita har du vel ikkje då? Ein politisk toppjobb er som kjent nøyaktig det stikk motsette av å stå åleine i frisk luft og seie «Ja!».

Du kan ikkje seie «Ja!» i toppen av politikken. Det kan altfor lett brukast mot deg seinare. Du må seie «Jeg ser frem til å ta fatt på mange spennende og utfordrende oppgaver» eller «Nå skal Stortinget behandle denne saken, så får vi se hva utfallet av den behandlingen blir», eller – viss det verkelig knip – «Politikk er et bevegelig felt».

Og du er aldri åleine i ein sånn jobb. Du er alltid omgitt av folk som skal gi deg råd eller folk som skal motseie deg, fordi det er jobben deira og/eller fordi dei vil ha jobben din. Viss han skulle tatt avgjerda om denne jobben på realistisk grunnlag, då burde han ha låst seg inne i eit rom med halvgod ventilasjon og tørre wienerbrød saman med dei kjedeligaste kverulantane i landet i ei veke. Viss du er lykkelig og fornøgd og full av overskot etter ei slik veke, då kan du takke ja til jobben. Ikkje åleine. På eit fjell. I luft.

For dette er kanskje det aller mest bekymringsfulle: Vi blir styrt av folk som liker å sitte i møte.

Folk som liker å sitte i møte, altså. Og som gjerne står på fjell og roper «Ja!». Og som tek viktige beslutningar på sviktande grunnlag. Og som kosar seg skikkelig når dei er saman med nokre tusen fiendar med traktor.

Dette er jo ikkje bra.

Ein kan ikkje tenke for mykje på slikt.

Tenk på noko anna no.

Oi. Det er sol ute.


Først publisert i Aftenposten 24. mai.

Les fleire Kalvø-tekstar her!