i samarbeid med ABC Startsida
Stord-elevar fekk skuledagar utanom det vanlege med Thorstein Hyl.
Kjetil Østrem, Sunnhordland.no
søndag 14. november 2010 20.26
Unge stordabuar får rappetips frå Torstein Hyl i Side Brok. Frå venstre: Eirik Sætrevik, Markus Leskinen og Rudi Rinmereide. FOTO: PER EGIL LARSEN
Rapparen Thorstein Hyl frå gruppa Side Brok tok dei unge stordabuane i skule denne veka - i regi av den nynorske barnelitteraturfestivalen Falturiltu.
– Dei vart skikkeleg flinke. Eg har prøvd dette før, men aldri på så kort tid. Eigentleg er det heilt koko. Fascinerande at ungdomane greier gjera så mykje på berre to dagar. Det hadde aldri eg klart, skryt Thorstein Hyl, eller Runar Gudnasson, som han eigentleg heiter.
Sjå det artige tv-innslaget her!
Og kva rappa ungdommane om?
– Vår gruppe har skrive om kjærleik, familie og venner, seier skuleeleven Synne Ankervold.