– Eg har akkurat blitt diagnostisert med MS

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Massiv støtte etter openheit

Torsdag 6. mars la Silje Lundberg ut blogginnlegget med tittelen To bokstaver. Der fortel ho opent om to bokstavar som ho har fått eit mykje nærare forhold til etter å ha fått diagnosen MS.

Facebook-støtte
– Eg har aldri visst så mykje om MS eller visst om så mange menneskjer med MS, men no er eg plutseleg ein av dei, skriv 25-åringen i blogginnlegget, som ho og har delt på Facebook.

I skrivande stund har innlegget fått over 580 likes og ei mengd støttande kommentarar. Nokre av desse er personar som sjølv har MS, og gjerne vil ta ein prat med Silje Lundberg, om ho kjenner for det.

MS, multippel sklerose, er ein av dei vanlegaste nervesjukdommane i Noreg. Den rammar kring 250 og 350 personar i Noreg i året, ifølgje MS-forbundet. Dei fleste som får diagnosen er kvinner mellom 20 og 40 år.

LES OGSÅ: Fastar for Filippinene og klimaet

Det siste møtet
Det er ikkje sjukdom ho vanlegvis bloggar om. Silje Lundberg er mykje meir van med å skyte frå hofta mot politikarane og feilslått miljøpolitikk.

Lundberg gjekk tidlegare i år av som leiar i Natur og ungdom, og jobbar i dag i miljøvernorganisasjonen Bellona.

Fyrste gong ho fekk beskjed om at synsforstyrringane ho hadde opplevd kunne skuldast MS, var eit kvarter før ho skulle halde opningstalen på Natur og ungdom sitt landsmøte i år.

– Etter to tilfelle med tåkesyn på venstre auge, eller opticus nevritt som det så fint heiter, og to rundar i ein MR-maskin, fann dei lesjonar i hjernen min som mest sannsynleg var tyda på MS, skriv Lundberg i blogginnlegget.

Den endelege diagnosen kom difor ikkje som ei stor overrasking. Ho skriv òg at etter å ha vore i limbo sidan januar er det godt å endeleg få vete.

– Samstundes er tanken på kva som kan vente meg drit skummel. Fordi mi framtid plutseleg blei så utroleg mykje meir usikker, skriv ho.

LES OGSÅ: – Løpet er køyrt for norsk klimatruverde

Støttespelarar
Den tidlegare NU-leiaren nyttar høvet til å skryte av oppfølginga ho har fått av helsepersonell på Universitetssjukehuset i Nord-Noreg (UNN).

Familien er òg ei god støtte.

Silje Lundberg avsluttar blogginnlegget med å slå fast at desse små bokstavane ikkje skal få endra framtida hennar, og at ho trass alt framleis er seg sjølv.