– Eg grein då mamma såg stilane mine

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Grein då ho viste stilane sine

 

Synnøve Macody Lund har skrive romankontrakt med Samlaget.

Torsdag vart det kjent via Facebook at skodespelar, modell og filmkritikar, Synnøve Macody Lund (36) frå Stord, har skrive forfattarkontrakt med Samlaget.

– Eg er veldig glad for dette, og det kjennest veldig rett å gjera det på Samlaget, seier Macody Lund til Dagbladet.

Stord-jenta vart kjent for det store publikum då ho tolka rolla som Diana i filmhiten "Hodejegerne", der ho spela mot Aksel Hennie.

QUIZ: Prøv deg på bok-blir-film-quizen vår!

36-åringen presiserer at ho er i startfasen på boka, og tykkjer det er for tidleg å seia noko om kva ho skal handla om – utover at det er snakk om ein roman.

Ho fortel at ho alltid har vore svært sjølvkritisk, og brukte blant anna å ta til tårene då mor hennar såg over stilane ho skreiv på skulen.

LES SAKA I SUNNHORDLAND!

Faktaboks

Synnøve Macody Lund var også aktuell som regissør på bakomfilmen om "Kon-Tiki"-innspelinga. Utover det jobbar ho som filmmeldar i TV2.