– Eg er dei bøkene eg les

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kva slags type student var du?
– Eg studerte veldig lenge, og enda til slutt opp med ein doktorgrad. Eg var nok heile vegen ein irriterande student, ein som alltid sette i gang med oppgåvene allereie første dagen. Eg elska å lese bøker, og brukte mykje tid på biblioteket.

Kva er det beste med å vere ferdig som student?
– Nyleg var eg tilbake på Columbia University og såg på biblioteket. Då slo det meg: den beste tida, då eg var lukkelagast, var då eg var inne her og las. Eg var mindre lukkeleg sosialt, kanskje, for eg elska biblioteket – det å utforske, lese og tenke var det beste med studentlivet.

Kva gjorde du på fritida?
– Av aktivitetar dreiv eg med svømming, springing og teikning. Det var avslappande. Men eg var ikkje vennelaus, og hadde det sjølvsagt også kjekt med vener.

Kor viktig har utdanninga vore for deg?
– Det er eit veldig godt spørsmål. Eg har aldri blitt professor, trass doktorgraden min, men har brukt feltet mitt på ein annan måte. Eg er veldig interessert i det akademiske og les mykje både innan vitskap og filosofi. Eg er dei bøkene eg les.

Om du skulle valt igjen, kva ville du studert i dag?
– Mest truleg ville eg studert gresk eller latin – det klassiske – fordi den vestlege sivilasjonen er så forankra i dette.

Kva er det beste med å vere ferdig som student?
Ingen fleire eksamenar. På andre områder er eg framleis som ein student – søkande, lesande og undrande.

Kva har du lært sidan studietida, som du gjerne skulle visst då?
– Eg skulle gjerne ha visst kor viktig det var for meg å lære gresk eller latin. I tillegg ville eg nok tatt emne innan nevrovitskap. Eg hadde nok valgt andre fagområde dersom eg skulle studert i dag. Skriving er yrket mitt, og eg les like mange bøker som då eg studerte, så på den måten er ikkje livet mitt så forskjellig frå studietida.

Har du nokre tips til studentar som vil inn i same bransje som deg?
– Du kan ikkje skrive utan å lese, og du kan ikkje skrive frå utsida, det må vere frå innsida og ut.

Les saka i Studvest!

Faktaboks

Namn: Siri Hustvedt
Alder: 56
Utdanning: Doktograd i engelsk litteratur frå Columbia University, New York. Bachelorgrad (major) i historie frå St Olaf's College i Minnesota.
Karriere: Har skrive romanane «Med bind for øynene» (1992), «Lily Dahls fortryllelse» (1996), «Det jeg elsket» (2003) og «Sommeren uten menn». Har også utgitt diktsamlinga «Reading to You» (1983) og essaysamlingene «Yonder» (1998), «Mysteries of the Rectangle: Essays on Painting» (2005) og «A Plea for Eros» (2005). Har også publisert akademiske tekstar innan nevrovitskap, i tillegg til sjølvbiografen «Shaking Woman or A History of My Nerves».
Noverande yrke: Forfattar