«Eg bygde eit varemerke på å vere tynn»

Framtida
Publisert
Oppdatert 12.02.2018 10:02

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

«Eg bygde ei vare på å vere tynn»

I løpet av 2015 har snart 19 år gamle Kristine Ullebø fått nesten 10 millionar likarklikk på Instagram. Det er mest i Noreg, ifølgje 730.no.

Ho skriv sjølv på bloggen at det ikkje har gått heilt opp for henne. «Lille Kristine frå Lille Førde. Hah, kven hadde trudd det?», skriv ho.

Men det har ikkje alltid vore like enkelt for den unge bloggaren å akseptere all merksemda ho får på sosiale medium. Opp i gjennom åra har Kristine fått fleire reaksjonar på kroppen sin. I kommentarfeltet florerer det med meldingar som seier ho er eit dårleg forbilde. At ho gjer folk sjuke.

– Eg hadde stempelet anorektikar på meg i fleire år. Det heng framleis mykje igjen, men nokre ting må ein berre la ligge. Eg har skrive mykje om det, problemet er at folk ikkje innser at ein kan vere tynn, og samtidig ha god helse.

LES OGSÅ: Vil ha aldersgrense for blogging

Kjenner at det svir
No i dag tek ho seg ikkje like nær av kommentarane, det var verre før. Men det er situasjonar der ho verkeleg kjenner at der svir.

– Eg har påverka mange på ein negativ måte. Når eg er ute å går i byen møter eg ofte jenter ned i tiårsalderen som vil ta bilete med meg. Det skjer i hjartet mitt å tenkje på at eg kanskje får dei til å tenke negativt om seg sjølv, berre fordi eg framstår slik eg gjer på bloggen min.

– Det er trist å seie det, men eg trur det har vorte store delar av varemerket mitt. Det er dumt å bygge eit varemerke på å vere tynn. På den andre sida er eg berre meg sjølv – eg hadde vore eit varemerke anten eg var tynn eller ikkje, legg ho til.

LES OGSÅ: Seier nei til aldersgrense for blogging

Personlegheita skin igjennom
Det at alle er fin akkurat som ein er, er noko ho alltid har stått for. Ho meiner det er viktig å spegle det att på bloggen. Sjølvtillit blir ofte diskutert – då både hjelper ho andre, og deler sine eigne erfaringar rundt tema.

– Før bloggen hadde eg ikkje mykje sjølvtillit. Eg kunne bli sett gåande rundt i joggebukse, utan sminke – eg brydde meg ikkje så veldig. Det er ikkje bloggen som har forandra meg, det var heller eg som fann kven eg ville vere gjennom den. Eg synes personlegdomen min skin godt igjennom. Sjølv om det eg skriv om for det meste er mote, sminke og shopping, så er kjerneverdien å ha det bra med seg sjølv, seier ho.

Ho seier ho har eit sterkt behov for å uttrykke seg sjølv – nokre gonger lurer ho på kva ho skulle gjort utan bloggen. Der får ho dele alt ho har oppe i hovudet sitt.

– Eg veit ikkje om eg skal kalle meg sjølv merksemdssjuk, men eg har i alle fall eit stort eksponeringsbehov. Eg har ein trong til å vere kreativ.

Saka held fram under biletet.

Bloggaren Kristine Ullebø saman med kameraten Vemund Eldegard.

LES OGSÅ: – Rom for begge skriftmåla i bloggverda

Ein evig kamp
Sjølv om den unge bloggaren har møtt mykje negativitet, vel ho likevel å fokusere på det positive – for det er mykje av det også.

– Eg har fått mykje positiv tilbakemelding på at eg utstrålar gode ideal. Det gjer meg lykkeleg, å høyre at noko eg driv meg gir andre noko positivt i kvardagen. Sjølv om det berre er ein blogg. Alt det negative prøver eg å legge bak meg. Det er ein evig kamp, ein kan ikkje vinne. Eg har no teke årene inn og akseptert det. Eller, eg har ikkje akseptert det, eg vel berre å ikkje fokusere på det.

LES OGSÅ: Kåring: Dette er verdas beste nynorske blogg