– Eg bruker frykt for å fokusere

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Publikummet i Grieghallen denne onsdagskvelden var svært variert. Folk i alle aldrar samla seg for å høyre på Bear Grylls fortelje om sine opplevingar og overlevingsteknikkar.

Grylls startar kvelden med å fortelje om barndommen og tida han hadde i militæret. Det var i Zambia i 1996, under militærtenesta, at han vart utsett for ei fallskjermulykke der han brakk ryggen på tre stadar.

Når han kjem til historia om ulykka reiser Grylls seg og les høgt frå sin egen biografi «Mud, sweat and tears». Han freistar først å lese den norske omsetjinga for å bryte isen, og latteren sit laust blant publikum når ein faktisk ikkje skjønar eit einaste ord av det han seier.

Mount Everest-vatn
Han held fram med å fortelje om draumen om å bestiga Mount Everest, og korleis han nådde dette målet i 1998. Med seg har han ei flaske med smelta snø fra toppen av Everest.

– I want to share this with one of you. I want it to be a little kid with a dream, erklærer Grylls, før han let ein gut på ikring ti år kome på scena for å dele eit glas med han. Draumen guten har er å bli millionær.

Noko av det Grylls er mest kjend for er evna til å ete og gjere det aller meste for å overleve. Mellom anna har han ete diverse larvar og insekt og drukke væske fra fersk elefantavføring og sin eigen urin i Discovery-serien.

– Det eklaste eg nokon gang har ete må ha vore rå geitetestiklar, seier Grylls.

– Tygg han godt
Naturlegvis måtte det stå noko uvanleg på menyen da Grylls kom til Grieghallen. Då han vart servert sprell levande meitemark på sølvfat inviterte han nok ein frivillig gut frå publikum til å ete med seg.

– Du må hugse å tygga han godt, så han ikkje kjem levande ut att, formanar Grylls til guten.

Dei siste dagane har Grylls fått mykje merksemd i media etter at Discovery Channel kunngjorde at dei avslutta all produksjon med eventyraren grunna uenigheiter om kontrakta. Grylls ville ikkje uttale seg til pressen under vitjinga i Bergen.

På spørsmål frå ein i publikum om han ville laga ein ny sesong av serien «Mann mot Natur», svara Grylls ganske vagt at ein aldri kan vite kva som hender i framtida.

Mot slutten av showet gjev Grylls nokre siste formaningar til publikum.

– The key to survival is the fire inside of you, seier han.

Til slutt ber han alle å hugse dei fem F-ane; fun, family, friends, faith and follow your dreams.

Les saka i Studvest!