Effektiv frihelg

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Alle som vitsar og er spydige om Norge, og alle som snakkar om kva dei liker med å bu i Norge, nemner dei same tinga: 17. mai. Velferdsordningar. Ordna forhold. Trygge rammer. Dugnad. Og ikkje minst: Alle fridagane. Få ting har det blitt vitsa meir og enklare med i Norge enn lange feriar, inneklemte dagar, heimekontor på attande mai, hyttehelger som begynner torsdag etter vinlotteriet, heile veker i mai som går vekk i pinser og himmelfartsdagar.

Men det er ein ting det ikkje har blitt vitsa nok med om dei norske fridagane, og som også kan brukast som eit argument av dei som meiner alle fridagane går på produktiviteten laus, og det er at vi er veldig gode til å få veldig mykje fridag ut av ein dag når vi berre går inn får det. Viss vi var like flinke til å ha effektivt fri alle fridagar, så trur eg vi kunne klart oss med halvparten av fridagane.

17. mai er naturligvis det beste eksemplet på spesielt god utnytting av ein fridag. For at alle skal få så mykje fest og fri og hygge ut av denne dagen som mulig, begynner alt på 17. mai ekstremt tidlig. Debatten om russetida startar for eksempel gjerne allereie i mars. Men også på sjølve dagen er alt i gang abnormt tidlig. Fedrar i dress kan observerast i sentrumsgater klokka fem om morgonen. No er forsåvidt ikkje det eit heilt uvanlig syn resten av året heller, men då er dei ofte ikkje edru. 17. mai-toga stiller opp midt på natta, begynner å gå på ei tid på døgnet då det vanligvis berre er bakarar og litt skumle folk som er vakne, og er ferdige i god tid før lunsj. Det er gjerne lagt ned førti-femti kransar før normal kontortid begynner.

Det offisielle programmet for dagen er som regel ferdig midt på dag, og då har det vart i nesten eit døgn, slik at folk skal rekke private festar i hagar, festar som også begynner uvanlig tidlig til fest å vere, men ikkje så tidlig som dei festane på 17. mai som blir kalla frukostar. Dei festane begynner gjerne klokka åtte. Og så begynner folk å drikke klokka kvart over åtte, snakke høgt i nitida, gjenta seg sjølv i titida, spele Åge Aleksandersen i ellevetida, legge seg nedpå litt i tolvtida, og stå opp igjen i eitt-tida for å dra på ein annan fest i ein hage der dei begynner å drikke igjen i totida.

Det er ein voldsom effektivitet. Dei flinkaste får plass til tre-fire dagars feiring, skvisa inn i ein dag, og er likevel i seng før ti. Om vi berre var like effektive alle andre fridagar, så kunne vi klart oss med langt færre fridagar.

Kunne vi for eksempel kanskje klart oss med berre ein pinsedag, dersom vi gjorde maksimalt ut av den eine, og pressa så mykje pinse som menneskelig mulig inn i første pinsedag? Viss vi alle stod opp i purkotta og pinsa i veg, diska opp med pinsefrukost med pinseegg og drikke, tok fram det finaste pinsetøyet, gjekk pinsebukk i nabolaget, vifta med flagg i pinsetoget, og stod på litt for å pinse det skikkelig til denne eine dagen?

Vi kan viss vi vil. 17. mai viser det. Viss vi berre står opp tre timar tidligare når vi har fri enn når vi skal på jobb, så er mykje gjort. Då kan vi kutte ned på fridagane og få fleire arbeidsdagar.

Det som er ekstra fint med det, er sjølvsagt at då kan vi ta det litt meir med ro på jobb.


Først publisert i Aftenposten 21. mai.

Les fleire Are Kalvø-tekstar her!