Effekten av tospråklegheit kan vera overdriven

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Er tospråkeffekten overdriven?

Eit forskarteam leia av Angela de Bruin ved Edinburgh University stussa litt på at på at fordelane med tospråklegheit fekk stå utan motstand. Etter å ha undersøkt mellom anna foredrag og framlegging av forsking, fann dei ut av forsking om positive effektar ved fleirspråklegheit hadde mykje større sjanse for å bli publisert. Det skriv forskning.no.

LES OGSÅ: Bør norsken kuttast frå dataspel?

– Eg trur det reflekterer noko som gjeld meir allment, seier språkprofessor Øystein A. Vangsnes, som ofte har uttalt seg tidlegare om fordelane om tospråklegheit.

– Det er lettare å få merksemd rundt studiar med tydelege effektar enn rundt studiar som viser liten eller ingen effekt, held han fram.

Undersøkinga gjort av Angela de Bruin og forskarteamet såg på 104 samandrag av forsking på ulike fagkonferansar. Der var omtrent halvparten om positiv effekt av tospråklegheit, og litt mindre viste liten eller ingen effekt.

Når dei såg på publisert forsking, var tala annleis. Då viste 63 prosent positiv effekt.

– Det er sjølvsagt ikkje bra med ei slik skeivheit i publiseringa! Men når det gjeld tospråksforskinga, kan det vera greitt å sjå det i lys av den nære historia. Det er ikkje så lenge sidan ein meinte det var skadeleg for små barn å læra to språk samtidig, og slik sett var det ganske oppsiktsvekkande då dei første studiane kom som synte at det kunne vera tvert om, seier Vangsnes.

LES OGSÅ: Finsk språkuvilje

Endrar ikkje synet
– Endrar dette synet ditt på tospråklegheit?

– I grunnen ikkje. Eg tykkjer heller det er eit teikn på at det framleis står mykje att å finna ut om tospråklegheit. Så lenge det førebels er svært få studiar som viser negative effektar av tospråklegheit, men mange som viser positive effektar, er det grunn til å tru at det er noko positivt med det, seier Øystein A. Vangsnes.

LES OGSÅ: Noko skurrar i Osloskulen