E-valet gav mindre stemmefeil

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Færre feil med e-val

Slik konkluderer Institutt for samfunnsforskning i ein evalueringsrapport som kommunalminister Liv Signe Navarsete (Sp) no har fått.

– Rapporten kan gi oss eit grunnlag for å vurdere om veljarane skal ha høve til å røyste elektronisk i framtida, seier Navarsete.

Evalueringa konkluderer med at tilliten til valgjennomføringa er stor – òg i forsøkskommunane. Forskarane klarer ikkje å sjå at høvet til å førehandsstemme elektronisk mobiliserte nokon einskildgrupper.

Rundt 25 prosent av alle som stemte ved valet, gjorde det med ei elektronisk førehandsstemme.

– Veljarane som stemte via internett i forsøkskommunane, gir eintydig uttrykk for at det var ein enkel måte å stemme på, og at dei oppfatta sjølve stemmegivinga som lettvint, heiter det i evalueringa. (©NPK)