Dyre sjefar til inga nytte

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ei ny undersøking slår fast at det ikkje er samanheng mellom lønn og avkastning. Solcelleprodusenten Rec og flyselskapet Norwegian er to eksempel på dette, skriv Aftenposten.

Medan Rec slit og legg ned og aksjekursen er i fritt fall, hevar sjefen sjølv, Ole Enger, ei lønn på mellom 7 og 8 millionar kroner. Norwegian-sjef Bjørn Kjos har dei siste åra heva mellom 1 og 1,7 millionar kroner i lønn i eit selskap som flyg høgt både på vengjene og i verdi.

Det er livsforsikringsselskapet KLP som har gjennomgått 25 av selskapa på hovudlista på Oslo Børs for å sjå om det er nokon samanheng mellom høg lønn og store overskot i selskapa.

– Vi har ikkje funne nokon samanheng, konstaterer Jeanett Bergan, leiar for ansvarlege investeringar i KLP Kapitalforvaltning.

Men undersøkinga har funne andre fellestrekk mellom dei 25 selskapa. Desse er blant anna at godtgjersla til styret i eit selskap også har noko å seie for lønna til toppsjefen: Jo høgare styrehonorar, jo høgare lønn til konsernsjefen.

LES OGSÅ: Gransking: – Kvinneleg sjef er best

KLP ønskte å finne ut om leiarlønningspakkane er forma ut slik KLP meiner at dei bør vere, og resultatet er nedslåande. Blant anna reagerer KLP på at selskapa som regel ikkje har avgrensingar på kor høge bonusar ein sjef kan få.

– Over lang tid må vi sjå ein samanheng mellom avlønning og prestasjonar for at lønningane kan forsvarast, meiner Bergan. (©NPK)