Dyr dinosaur

Debatt
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Lat oss gå attende til den fyrste arbeidsdagen i 1995. Stoda var god i nasjonen Noreg, statsbudsjetta var atter i balanse, arbeidsløysa gjekk ned og ned, aktiviteten i olje- og leverandørindustrien var stor, og Statoil tente gode pengar.

Oljeprisen var på 15,88 dollar fatet. Same dato, tjue år seinare var oljeprisen på 55,38 dollar fatet. Så kan vi taka dei 15,88 dollarane og justera for endringane i den norske konsumprisveksten (KPI). Hadde oljeprisen utvikla seg i samsvar med inflasjonen, burde han ha vore på litt under 25 dollar fatet. Dollarkursen kan vi sjå bort frå, han var nesten heilt lik på dei to datoane.

No har vi fått ei stor industrikrise, arbeidsløysa stig og stig, og Statoil har teke store tap og skal taka store tap. Ein eller annan stad på vegen gjekk noko gale når vi taper pengar på ein dobbelt så høg oljepris som den vi tente mange pengar på for tjue år sidan.

Holmenkoll-skandalen
Hugsar du det Rune Gerhardsen i 2009 kalla «den største skandalen i Oslos historie»? Det gjer du nok, det var overskridingane på ein milliard kroner for oppgraderinga av Holmenkollbakken han tala om. Veke etter veke teppebomba nasjonale medium oss med denne enorme overskridinga. Men kvar var du i fjor då Statoil betalte seg ut av ein borekontrakt i Angola ved å leggja 2,3 milliardar på bordet og taka tapet der og då, 2,3 milliardar som hadde vore nok til å driva Dag og Tid i hundre år, og som vi ikkje eingong kjem til å få ein skarve hoppbakke for? Nei, du veit ikkje kvar du var då Stat­oil tapte 2,3 milliardar i Angola; berre bransjeblad og nettsider fortalde om dette.

Men no i haust har du kanskje fått med deg at Statoil har teke nedskrivingar på 70 milliardar kroner i USA. 70 milliardar vart henta frå Nordsjøen, for så å verta overførde til ein eller fleire rike amerikanarar. Desse pengane er no tapte, ikkje for dei som fekk dei, dei rike amerikanarane, men for oss som hadde dei før. Det var konsernsjefen Eldar Sætre, som før har vore finansdirektør og vore med på Nord-Amerika-satsinga, som presenterte tapa. Utanlandstapa til Stat­oil ligg no på ein stad mellom 14 og 20 gonger overskridingane ved utbygginga av Mongstad-raffineriet; den overskridinga var på 6 milliardar. Mongstad førde til at Arve Johnsen måtte gå av.

Ingen må gå
Har det kome krav om at Sætre må gå av? Nei. Han som har vore hovudansvarleg for Nord-Amerika-satsinga, var Helge Lund. Han vart i 2014, tett før dei store tapa i Nord-Amerika vart kjende, direktør for det britiske gasselskapet BG-group, der han fekk ei så høg løn, potensielt 900 millionar over fem år, at det vart høyring i det britiske parlamentet. Han byrja ikkje i stillinga. Shell kjøpte BG-group i april i år, som løyste ut ein potensiell fallskjerm på inntil 47 millionar for Lund. I framtida, viser årsrekneskapen til Stat­oil, vil han få ein pensjon på vel 70 millionar.

Det vi kan fastslå, er at både Helge Lund og Eldar Sætre har fått svært godt betalt for å taka enorme risikoar med dei norske nordsjøpengane. Han som måtte gå av i 1987 grunna 6 milliardar, Arve Johnsen, var den som bygde opp Statoil og gjorde det til det verdsleiande selskapet det vart. Han har sett den eine etterfylgjaren etter den andre sløsa bort langt meir pengar enn han nokon gong sløste vekk, og det heilt utan konsekvensar for dei. Kvifor er det slik?

Psykologi
Det handlar om at tal ikkje berre er tal, men også psykologi. Når tala vert store nok, og dei store tala er ein del av eit endå større tal, så misser vi oversyn og gløymer at pengar også har ein reell verdi som kan nyttast til å kjøpa noko.

Den tyske psykologen Gustav Fechner (1802–1887) var svært fascinert av tilhøvet mellom ånd og materie. På den eine sida er det slik at ein fysisk storleik som kan variere – lyd, lys og pengesummar – påverkar på den andre sida, til dømes med glede og misnøye hjå dei som opplever dei. Fechner meinte å ha funne ut at mange slike opplevingar fungerte logaritmisk. Til dømes meinte han at om du heva lyden frå 10 til 100 einingar fysisk energi og dette gav ein kjensle av fire einingar psykologisk energi hjå den som høyrde på, ja, så måtte du auke dei fysiske eining­ane med lyd frå 100 einingar til 1000 einingar for på nytt å skapa fire psykiske einingar. Han var på sporet av noko vi alle intuitivt forstår. Vi må få stadig meir for å få den same gleda som vi fekk av det fyrste vi fekk. Det er slik vi vert narkomane.

Ein som hadde drive med liknande tankar, var den sveitsiske vitskapsmannen Daniel Bernoulli. Han la i 1738 fram ein no vidgjeten påstand om at ei gåve på 10 dukatar har den same nytteverdien for ein som frå før har 100 dukatar, som for ein som får ei gåve på 20 dukatar og har 200 dukatar. Funnet er openbert rett. På skuldrene til desse to karane har det vorte bygt opp eit svært forskingsfelt.

Prosent vinn
Funna er overtydande: Menneske tenkjer i prosent av det dei har når dei brukar pengar, pengar vert alltid målt relativt til noko anna. Dei som har lite pengar, er dei som er viljuge til å taka høgst risiko. Dei som derimot har mykje peng­ar, er ikkje viljuge til å taka særleg risiko for å få meir. Men her er det interessante funnet: Dei som forvaltar store pengar på vegner av andre, er viljuge til å taka svært stor risiko med peng­ane til andre dersom den risikotakinga kan føra til at dei sjølve får mykje pengar og prestisje. Les: Statoil-leiinga. Når ho veit at Statoil tener mykje pengar uansett, vel, så kan dei taka svært store risikoar når oljeprisen er 100 dollar fatet.

Finst det så prov på at Statoil brukar meir pengar enn andre oljeselskap? Det som tradisjonelt held nede pengebruken i privat sektor, er konkurranse. Der ei offentleg verksemd går til staten når ho gjer det dårleg, går ei privat verksemd til skifteretten. Men Statoil her heime har i røynda ikkje konkurranse å tala om. Ute i verda, i USA til dømes, møter dei beinhard konkurranse og har tapt store pengar. Hadde Statoil vore eit selskap isolert til USA, ville dei truleg ikkje ha eksistert, dei hadde ikkje fått lånt pengar til den risikoen dei har teke på seg der. Og om dei hadde fått lånt pengar, ville dei truleg vore konkurs etter tapet på 70 milliardar. På norsk sokkel står dei for nær 80 prosent av produksjonen og har 80 prosent av lisensane. På norsk sokkel er det Stat­oil som set reglane.

Britisk sokkel
Men også andre land har sokkel, til dømes Storbritannia. Fleire av felta i Nordsjøen er felles mellom Storbritannia og Noreg. Dette har det såkalla riggutvalet som la fram sin rapport i august 2012, nytta seg av. Dei har samanlikna kostnadene på sokkelen til alle nordsjølanda, men særleg mellom norsk og britisk sokkel. Utvalet vart leidd av den tidlegare generaldirektøren i Hydro, Eivind Reiten, som selde olje­delen av Hydro svært dyrt til Statoil og samstundes vart styreforman i det nye selskapet. Der skulle han vera ein garantist for at den tradisjonelt gjerrige Hydro-kulturen skulle verta overførd til Statoil, men han måtte gå av etter kort tid av di Hydro hadde rota seg inn i korrupsjon i Libya. Men med riggutvalet fekk Reiten høve til å seia kva han meinte om kostnadsstyring på norsk sokkel. Han meinte mykje.

Ein monopolist, som Statoil reelt sett er på norsk sokkel, kan gjera mykje. Han kan pressa ned løningane og kostnadene; dei tilsette og verksemdene som leverer til monopolisten, har få andre stader å gå. Men om monopolisten tener gode pengar, kan han velja å vera raus og dela med dei tilsette i staden for aksjonærane. (Som i Statoils tilfelle er deg og meg gjennom staten, vi får peng­ar frå Statoil via eigarskapen, men fyrst og fremst gjennom å skattleggja eventuelle overskot. Di billegare Statoil driv, di meir skattepengar.) Reiten fann at Statoil mykje delte pengane med dei tilsette og leverandørindustrien.

Borekostnadene på norsk sokkel utgjer omtrent halvparten av alle kostnader på sokkelen. I utgangspunktet er heile Nordsjøen ein riggmarknad, riggane går fritt mellom alle land, bortsett frå Noreg. Det offentlege regelverket skal i utgangspunktet vera det same, men operatørane på norsk sokkel har ei rekkje særkrav og tingar helst spesial­riggar. Norsk sokkel er i røynda lukka for konkurranse. Ein av konsekvensane av dette, er at dei som lagar riggar for Statoil, veit at det berre er Statoil som vil ha desse riggane, og då må dei taka seg betalt deretter, og når Statoil uansett vil ha denne spesielle riggen, er det ikkje vits å vera ny­­skapande.

Mykje fritid
I tillegg har vi på norsk sokkel lagt oss til eit regime med svært mykje fritid. På britisk sokkel arbeider ein tre veker på, tre veker av. I Noreg er ordninga to–fire. Statoil har lenge vore lydhøyre for fagforeining­ane. Slikt kostar.

Personalkostnadene på ein rigg per dag i 1997 var både på britisk og norsk sokkel i gjennomsnitt på litt under 40.000 dollar per dag. I 2012 var kostnadene litt over 60.000 dollar per dag på britisk sokkel, i Noreg over 120.000 dollar. Mellom 1997 og 2002 gjekk kostnadene opp med 28 prosent i Storbritannia, i Noreg med 113 prosent. Slik vert det mellom anna av di ein på britisk side berre treng to stillingar for å driva ei full stilling, i Noreg tre. Om ein samanliknar produktiviteten på norsk, britisk, canadisk og mexicansk sokkel, er vår produktivitet berre betre enn den mexicanske. Reiten fann ingen produktivitetsvekst på norsk sokkel mellom 2005 og 2012, og det endå om personalkostnadene gjekk opp med 49 prosent.

Samla sett ligg driftskostnadene på norsk side av sokkelen 90 prosent over den britiske; 63 prosent av differansen kjem av arbeidstidsordningane. Råda frå riggutvalet var klart: Opne opp sokkelen for reell riggkonkurranse og endre arbeidstidsordninga. Om ein på sokkelen arbeidde like mange timar som arbeidsmiljølova opnar for, kan ein redusera talet tilsette per rigg frå 160 til 124. Om vi får redusert bore- og brunnkostnaden med 30 prosent, er den potensielle ekstrainntekta for AS Noreg 1,5 billionar kroner, trur rigg­utvalet. Dette er mogeleg innanfor råmene som arbeidsmiljølova set. I eit slik perspektiv vert tapa i USA småpengar.
Men så var det Statoil, då. Dei har som regel ikkje så lyst til å kutta kostnader.

Neste veke ser vi på kva som kan gjerast for å få i gang att konkurransen på norsk sokkel, og om den noverande organisasjonsforma av Statoil er den rette.

Les kommentaren i Dag og Tid!