Du lurer deg sjølv

Debatt
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Du lurer deg sjølv

Kommentaren var først hos Studvest

Har du nokon gang sitte på lesesalen eller ein kafé og kjent at du må på do? Du ser ned på bordet framfor deg og innser at, pokker, eg kan ikkje ta med meg dataen på do. Eller kanskje eg kan det? Nei.

LES OGSÅ: Norske elevar nest best i data

Kva skal du då gjere? Som kjent er folk flest skruppellause. Alle vil jo stele dataen din. Folk flest siklar etter kortkoda di. Haiking er snarvegen til ein tidleg død. Alle menn på gata etter klokka ti om kvelden er valdtektsmenn. Og så vidare. Men du kjem på ein genial idé: du kan jo berre spørje den som sit attmed deg om han eller ho kan passe tinga dine medan du er vekke.

Så praktisk veit du, då kan dette ukjente mennesket du aldri før har snakka med passe dataen din til 10 000 kroner. For denne hyggelege personen er jo definitivt ikkje ein tjuv, han har jo trass alt sitte attmed deg i minst ein halvtime.

LES OGSÅ: Meir kvardagspupp

Ofte er det eg som er på tilbodssida. Ein gang kom ein eg satt på lesesal med og spurte om eg kunne sjå til tinga hans medan han tok ein telefon. Som den gode samaritan eg er tok eg oppgåva på rammaste alvor. Inga datamaskin skal stelast på mi vakt, nei.

Etter ein time var han endå ikkje tilbake, og forelesinga mi var i ferd med å begynne. Eg var fanga i eit dilemma. Skulle eg halde fram med å stirre på tinga hans, eller skulle eg passe mine eigne avtalar?

LES OGSÅ: Fekk politiet på døra på grunn av Facebook-bilete

Eg gjekk. Ein så prikkfri samaritan er eg ikkje.

Men før eg gjekk letta eg mitt eige samvit og skreiv ein lapp om kvifor eg måtte gå og at eg inderlig håpa at tinga hans låg der når han kom tilbake. Ei handling like tom som å be ein framand om å passe tinga dine.

Det er placeboeffekt for nervane, du lurer deg sjølv til å tru at dataen din er trygg, men kva stoppar eigentleg din utkåra vakthund frå å ta dataen og beina på nakken og stikke? Er det ein forskjell i kraft av at du gir nokon tillit? Eg veit ikkje. Men tilitsærkleringa i seg sjølv gir meg litt meir trua på menneskeheita.

LES OGSÅ: – Eit stort, stinkande samfunnsproblem