Du er ikkje åleine

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Anten ein reiser ut for eit semester eller skal tilbringe dei neste tre til seks åra i eit framand land, kan det vere skummelt å forlate familie og vener. Då kan det vere greit å vite at det finst eit nettverk av studentar som arbeider for at du skal ha det bra i utlandet.

Forutan hovudkontor og informasjonssenter i Oslo, har organisasjonen ANSA 500 tillitsvalde fordelt på 1200 studiestader. I 23 land har ANSA eigne landsstyre.

Gastronomisk i Italia
I Italia er det Martin H. Inderhaug (22) som styrer skuta. ANSA-landsleiaren er lidenskapeleg oppteken av mat.

– Særleg er eg interessert i mat og alle aspekta ved mat; smak, kultur, økonomi, produksjon, politikk og helse. Vi har paradoksalt lite kunnskap om mat, i forhold til kor viktig den eigentleg er for oss menneske, meiner Martin, som studerer ved det Gastronomiske universitet i Italia.

Han er ANSA-landsleiar fordi han ønskjer å skape eit hyggeleg miljø for norske studentar i Italia.

– Det er spanande å bidra til arrangement der vi treffast og skape ein sosial arena der vi kan ta vare på studentane sine behov for sosialisering, tryggheit og informasjon.

I Italia har ANSA så langt hatt to offisielle arrangement. Ikkje overraskande spela mat ei rolle i desse. Norske studentar kunne gå i 17. mai-tog og vere med på piknik i Milano. Dei fekk òg ete 17.mai-middagen på Det Kongelige Norske Konsulat i Milano.

LES OGSÅ: Ei medisinsk reise

I tillegg organiserte landsstyret eit kurs i Nice i Frankrike, med ANSA-medlemmar frå Spania, Sveits og Frankrike. I slutten av oktober står nok eit arrangement for tur, i høve Italias største matseminar.

– Målet vårt i år er å vere tilgjengelege med informasjon, støtte og sosiale tilbod for å ta vare på dei norske studentane sine interesser i Italia. Vi gjer dette for å oppmuntre nordmenn til å studere utanlands, og for å gjere studietida bra for dei som vel å reise ut, fortel Martin.

Sosial sunnmøring i Danmark
I Danmark er det Magnus Giske Snipsøyr (24) som skal ta norske studentar under sine venger. Sunnmøringen studerer medisin på Aarhus Universitet og skildrar seg sjølv som ein idrettsglad og sosial sunnmøring.

– Eg trivst godt som ANSA-leiar. Eg trur eg er god til å ha overblikk og kontroll i eit styre, samstundes som eg er lett å ha med og gjere, fortel Magnus.

ANSA i Danmark håpar å bli endå meir synlege og interessante i tida som kjem.

– Vi i landsstyret arbeider mest med organisasjonens drift og arbeid i landet, men også sosialt med arrangement med fagleg og nettverksskapande innhald. Lokallaga, som ligg i Aalborg, Aarhus, København, Odense og Esbjerg, arbeider mest med slike arrangement.

Til grunn for arbeidet ligg utanlandsstudentane sine interesser.

– Vårt arbeid går i siste ende ut på å gjere det betre for nordmenn i utlandet, og styrkje våre interesser, samt hjelpe dei som treng det – både noverande, tidlegare og framtidige utanlandsstudentar, fortel Magnus.

ANSA-leiaren er oppteken av å ha eit godt samarbeid med andre ANSA-land.

– Vi er gode til erfaringsutveksling, og er alltid villige til å samarbeide og støtte kvarandre. Eg håpar også vi får halde gode arrangement i Danmark.

Sporstfanatiker i Latvia
Lativa-leiar Sandra Salberg (25) synest ANSA-vervet er utruleg viktig og innmari gøy.

– Eg elskar å reise og oppleve nye ting. I tillegg er eg ein stor sportsfanatikar, med handball og ski som favorittsportar. ANSA er sjølvsagt også ei av mine store interesser, fortel 25-åringen frå Nord-Trøndelag.

Ho  har tidlegare studert eitt år i USA og går no femte året på medisinstudiet i Riga.

– Jobben ANSA gjer for utanlandsstudentane er utruleg viktig. Både det politiske arbeidet ANSA gjer sentralt og dei sosiale og faglege arrangementa vi i landsstyret steller i stand, er med på å gjere opphaldet i det store utland endå betre. Eg vil bidra, både fordi det er så utruleg viktig, men óg fordi det er så innmari gøy.

Latvia er eit ferskt tilskot til ANSA-landa, på knappe 1,5 år. Landsstyret lagar til dømes velkomsthelg for nye studentar, pubquiz, julebord og 17.mai-feiring. Med ein sportsfanatikar til leiar står også sportslege arrangement på plakaten.

LES OGSÅ: Vil sende deg langt vekk

– Vi gir òg råd og rettleiing til studentar som har eit lite eller stort problem, som noko med bustad eller problem med skulen, fortel Sandra.

Blandt dei viktigaste sakene for ANSA-leiaren er å gjere utanlandsstudiar tilgjengeleg for alle.

– Som medisinstudent har endringane i turnusordninga for nyutdanneda leger oppteke meg mykje. Det er knytt stor spaning til korleis den nye ordninga skal fungere i praksis når den kjem i 2013. Eg er òg veldig oppteken av den auka studiegjeldsbyrda for oss utanlandsstudentar. Frå 2005 til 2011 har den gjennomsnittlege gjelda til ein utanlandsstudent med bachelorgrad auka med 40 prosent. Det er svært bekymringsfullt. Det skal ikkje vere slik at din eller dine foreldre sin økonomi skal avgjere om ein kan ta utdanning i utlandet eller ikkje!

Les meir om studiar i utlandet her!

Les andre del av serien om ANSA på tysdag!

Faktaboks

ANSA
• Association of Norwegian Students Abroad
• Hovudkontor i Oslo
• 500 tillitsvalde i over 60 land
• Føremålet er å ta vare på norske utanlandsstudentar sine interesser og skape forståing for ressursen utanlandsstudentane har i kraft av internasjonal erfaring og kompetanse
• Partipolitisk nøytral interesseorganisasjon

Kjelde: Ansa.no