Droppar tvangssamanslåing av høgskular

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen har gitt landets åtte universitet og tjue statlege høgskular i oppgåve å vurdere fusjon med andre. Målet er større instutisjonar som skal gje høgare kvalitet på forsking og utdanning.

LES OGSÅ: Håpar å unngå høgskulefusjonar

Spanande debatt
Fleire utdanningsinstutisjonar er godt i gang med arbeidet, men høgskulane i Volda, Hedmark og Østfold og Sogn og Fjordane er motvillige. Ovanfor desse har signalet vore at tvangssamanslåing kan verte aktuelt.

Så seint som 27. januar i år gav kunnskapsministeren uttrykk for dette under eit besøk på Høgskulen i Sogn og Fjordane (HISF). Difor har det vore stor spenning knytt til den aktuelle stortingsmeldinga som kjem 27. mars.

Men måndag denne veka kunne statssekretær Bjørn Haugstad (H) i Kunnskapsdepartementet avsløra at Regjeringa ikkje vil slå mindre høgskular saman med tvang.

Både HiSF-rektor Åse Løkeland er og påtroppande rektor ved Høgskulen i Volda, Johann Roppen, er glad for denne meldinga.

– Me må likevel sjå kva som står i stortingsmeldinga, og det vert spennande i debatten om saka i stortinget, seier Roppen til Nærnett.

LES OGSÅ: – Kva er annleis med dykk?

– Hadde gjort prosessane trøblete
Nyheitene vert òg teke godt imot av støttepartia Krf og Venstre.

– Dette er gledeleg. Hadde institusjonane blitt tvinga til å slå seg saman, hadde det gjort prosessane trøblete og ville ha drepe entusiasmen som trengst for å skapa god utdanning, seier Anders Tyvand (KrF) til NRK Sogn og Fjordane.

Òg Trond Giske (Ap), som er leiar i Kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen på Stortinget, tykkjer at det er fornuftig å basera seg på frivilligheit og peikar på at Høgre ville fått problem med å få stortingsfleirtal for å tvangsfusjonera.