≡ Meny
Framtida

i samarbeid med ABC Startsida

Tema: Livet, Nyttår

– Dropp nyttårsforsetta

Nyttårsforsetta blir ein mani av aktivitetar som går på repeat, i håp om å oppnå ei eller anna form for lykke, skriv Malin Langøy Aarbø.

Malin Langøy Aarbø
laurdag 14. januar 2017 14.24

– Dropp nyttårsforsetta Illustrasjonsfoto: Brigitte Tohm / Unsplash

Er du deprimert, lever du i fortida.
Er du engsteleg, lever du i framtida.
Er du fredfull, lever du i augneblinken.
Lao Tzu (omsett til nynorsk)

Livet blir ikkje alltid slik som ein trur. 

Januar symboliserer for mange eit nytt år med nye moglegheiter. Ein ser gjerne tilbake på året som har gått med blanda erfaringar. 

Det er lett å tenkja på alt ein kunne og burde gjort annleis. Eg burde til dømes ha opna pensumbøkene litttidlegare. Sambuaren min hadde nok satt pris på eit par romantiske kveldar innimellom. Kanskje burde eg ikkje ha slengt så mykje med leppa til alle eg er glad i. Og når har eg eigentleg tenkt å besøka foreldra mine langt ute i gokk? 

Som regel går ein i gong med eit noko spontant forsøk på å setta opp nyttårsforsett og ulike målsettingar. «Eg skal trena kvar dag». «Eg skal bli flinkare til å vera saman med familien min». «Eg skal få toppkarakterar i alle fag». Slik held lista fram i det uendelege, utan grenser.

Motivasjonen aukar. Planen er klar.

Tre månader seinare går alt i dass. Det dårlege samvitet slår inn for fullt. 

Folkens: Det er på høg tid at me droppar nyttårsforsetta og heller tyr til meir konstruktive verkemiddel. 

Prosess framfor målsetting
Eg seier ikkje at planlegging er negativt. Skal ein oppnå noko i livet må ein utfordra seg sjølv, ha ambisjonar og tåla press frå fleire kantar. Suksess kjem ikkje på eit sølvfat. 

Problemet oppstår når ein køyrer seg fast i eit einvegsspor.

Mange gongar har eg reflektert over mine eigne nyttårsforsett og tenkt at dette høyrest ut som strenge, religiøse levereglar. Lange gjeremålslister over ting som bør gjerast tar opp alt av tid og energi – ofte på bakgrunn av andre sine ynskjer og behov, og ikkje nødvendigvis mine eigne. Kvifor gjer eg dette mot meg sjølv?

Men, joda. Viker eg frå «reglane», har eg synda stort. Og samvitet blir desto mindre bra.

Eg trur mange har det slik.

Me lever livet på autopilot. Nyttårsforsetta blir ein mani av aktivitetar som går på repeat, i håp om å oppnå ei eller anna form for lykke. Resultatet kan bli motsett: at ein distanserer seg frå resten av verda og går glipp av uendelege moglegheiter som dukkar opp undervegs. 

Når aktivitetar som ein elskar plutseleg blir ei belastning. Då er det på tide med ein ny innfallsvinkel. 

Forfattar og entreprenør James Clear skriv blant anna følgjande: "When you're working toward a goal, you are essentially saying, 'I'm not good enough yet, but I will be when I reach my goal'. The problem with this mindset is that you're teaching yourself to always put happiness and success off until the next milestone is achieved."

Løysinga? Forplikt deg til vegen og ikkje til målet.

Nyttårsforsett avlar ikkje prosesstenking og nytelse. Alt handlar om sluttresultatet. 

Den faktiske kvardagen
Viss eg skal ha eitt einaste mål for året, må det bli noko generelt i denne duren: Eg skal leva lidenskapeleg, vera engasjert og gjera det som kjennes godt ut for meg. Nyttårsforsettet mitt er å flytta fokus frå gjennomføringa og over på den faktiske kvardagen.

Kva dette inneber i praksis for meg sjølv har eg ikkje peiling på. Det kan vera å utforska sterke og svake sider ved meg sjølv gjennom å skriva kommentarar. Kanskje kan det vera å nyta eit godt måltid med vener. Oppleva adrenalin ved å stå på sit-ski med rullestol. Donera vekk ei nyra. Ligga på sofaen og sjå på TV. Eller rett og slett flytta til eit anna land og sjå noko nytt.

Det vil tida vise.

Les Astrid Underlid sine forsett for 2016


Oppdatert: måndag 16. januar 2017 10.00
Kommentarar



Malin Langøy Aarbø

Fødd 1994, bur på Stord. Funkis på fire hjul. Studerer journalistikk ved Høyskolen Kristiania i Bergen, og er arbeidsleiar for sju assistentar i Uloba SA. Eg er ein utolmodig sjel med mykje på hjarta som er lidenskapeleg opptatt av musikk, journalistikk, matlaging og politikk. Til dagleg møter eg på min del av utfordringar. Dette syns eg er gøy å dela då det kan by på mykje latter. Ingenting gir meg meir glede enn å kunne få lov til å endra på folk sine synspunkt.

 
ANNONSE: