Dronar seg inn i framtida

Kristine Askvik
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Når du er på ein skule forventar ein gjerne at det anten er roleg i gangane fordi det er time eller at det er masse folk rundt omkring som ikkje gjer noko skulearbeid fordi det er pause. Hjå Nordahl Grieg vidaregåande skule er det masse folk og liv og røre overalt heile tida, men dei held på med skuleting. Det umogleg å seie kva for ei tid det er når vi kjem innom. Nede i aulaen er det eit band som øver. Rett over hovudet vårt flyg eit par dronar, ein av dei i retning mot kantina. Oppover i aulaen sit små grupper med elevar heilt oppslukte i eit eller anna.

LES OGSÅ: Når krig blir underhaldning

– Sjå, sjå her! Du må seie hei til Finland, seier ein lærar som kjem gåande med datamaskinen sin bærande med begge hender medan han snakkar på Skype med nokon.

– Hello, seier Margreta Tveisme smilande inn til webkamera. 

Tveisme er fagleiar ved skulen og initiativtakar til skulen sin årlege Framtidskonferanse. Tre dagar kvart år er satt av til konferansen, der elevane skal få lære, utforske og drømme seg inn om kva ein kan oppnå i framtida. Målet er å skape entusiasme, engasjement og ei auka tro på framtida. Elevane kan velje mellom ulike workshops dei kan vere med på. Ein av dei er dronebygging.

LES OGSÅ: Drone avslører spøkelsesby ved Tsjernobyl

No har nettopp skulen fått Innovasjonsprisen 2015 for si satsing framtidsretta satsing på IKT. Skulen har heilt sidan den vart opna i 2010 satsa sterkt på IKT og teke i bruk metodar som ikkje er så vanleg ved andre skular. Til dømes brukast videospel aktivt i ulike fag, til dømes i religion, norsk og engelsk.

Forutan samarbeidsskulen i Finland, har ein klasse samarbeida med ein skule i Canada. Gruppearbeid har skjedd på tvers av landegrenser og elevane har kommunisert via Facebook.

– I framtida ynskjer eg at vi kan samarbeide endå meir med skular i utlandet. Vi kan utveksle erfaringar og kunnskap, og kommunisere via sosiale media. Det er sunt og det er så bra, seier Tveisme. 

LES OGSÅ: Leverer pizza med droner

I byrjinga var det nokre elevar og foreldre som vart overraska i møtet med skulen. I nokre fag finst det til dømes ikkje bøker i papir. No opplever Tveisme at elevane som søkar seg til skulen, kjenner godt til at dei satsar på IKT og at ein må vere førebudd på å lære seg nye måtar å lære på.

Innovasjonsprisen som skulen fekk vart skikkeleg feira.

– Det har vore mykje jobb å kome hit vi er i dag. Vi vart veldig glade for prisen. Den gir oss motivasjon til å jobbe vidare og heile tida utvikle oss, seier Tveisme.

Ho fortel at noko av nøkkelen for å lukkast med å satse på innovasjon, er at idear og forslag til nytenking kjem frå lærarane sjølv.

– Det er viktig å heile tida bygge på lærarane sine idear, kreativitet og engasjement. Vi har òg ei veldig sterk tru på at vi skal lære saman. Vi trur på det som kallast sosiokulturelt perspektiv på læring, og det vil seie at ein kan ikkje lære noko isolert sett. I denne samanhengen er også sosiale media viktig.

LES OGSÅ: Utruleg video frå vulkanutbrot

Ho syner veg til der kor dronegjengen held til. I to dagar har dei arbeidd med å bygge sine eigne dronar.

– Eg må skru litt på dronen her no. Det er noko galt med sendaren, så vi må ta den ut og så skru den på på nytt, forklarar Marius Landaas. Han fortel at på toppen av dronen sit kontrollpanelet, herifrå vert motoren styrt.

– Kva tenker du om å få bygga dronar i skuletida?

– Det er godt å få litt variasjon, og gjere andre ting enn vanlege skuleting. Det verka interessant og eg synast det er kjekt å køyre dronar og helikopter, seier Landaas.

Han og medelevane i gruppa gjer dronen klar til take-off ute i gangen. Dei er spente på om det vil gå å fly no.

Det går fint. Den kjem seg opp og fram. Dei flyg rundt folk som kjem gåande i gangen. Ingen vert vettskremt. Dette er eit heilt vanleg syn her.

LES OGSÅ: Bli kvitt reklamen med denne