Draumeavisa mi

Debatt
Publisert
Oppdatert 04.06.2017 19:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I eit draumescenario ville avisene vore fullstendig upartiske og politisk uavhengige, men eg har forstått at dette ikkje er mogleg. No idag mistar media meir og meir tillit, og politikare bruker sosiale media for å unngå ei kritisk presse. Avisindustrien fell saman og det skjer jobbkutt etter jobbkutt, så eg tenkte at eg ville presentere mi draumeavis, kanskje nokon vil høyre?

Eg vil at mi avisa skal få statleg støtte, slik at ho ikkje blir påverka av private eigare og firma med politisk agenda. I tillegg skal ikkje regjeringa eller politikare ha lov til å prøve å påverke redaktørane, berre skrive lesarinnlegg. Ein konsekvens av statleg støtte er også at dei vil bli meir uavhengige, og ikkje treng å bruke clickbait og andre plagar for å få lesarar. Eg trur vi alle er lei dette.

Vidare så er det veldig viktig at avisa er politisk nøytral, men som eg tidlegare har nemnd er nok det umogleg. Derfor vil eg at dei skal hyre journalister som er frå begge sider av det politiske spekteret, slik at dei kan skrive mot kvarandre, å debattere seg imellom slik at vi får eit meir nyansert nyheitsbilete med ulike vinklingar av same sak. Eg trur det hadde vore lurt, å ha to vinklingar, fordi da kan ein lesar da gå inn på den eine, og etterpå lese den andre. Det er nemleg ganske viktig å få inn eit variert nyheitsbilete. Ikkje bare må dei ha varierte synspunkt, dei burde også ha journalistar i felten som får rapportert førstehandsfakta, og ikkje bare blir ein papegøye som kopiera dei andre avisene.

Journalistane må vere aktuelle, og analytiske og ha evnene til å grava djupt. Det viktigaste er at dei må søke sanninga og ikkje halde ute informasjon som er relevant. Eit godt døme er The Wall Street Journals forsøk på å øydelegge ryktet til Pewdiepie, ein stor youtubar. Her tok dei vitsane hans ut av kontekst slik at dei fekk han til å sjå ut som ein nazist, og dei tok til og med han ut av kontekst, i ein video der han klaga på at media tok folk ut av kontekst, ganske ironisk.

Så til sjølve plattforma, ho må vere lett å bruke, med god oversikt og gode kommentarfelt med minimal sensur, som oppfordrar til sunn debatt mellom lesarane. Avisa må ha ein godt nettstad og ein god app, som gjer det lett for lesarane å finne fram.

I tillegg til at avisa må ha eit godt kommentarfelt for debatt, og bli ein plattform for intellektuell diskusjon, må også redaktørane kunne haldast ansvarleg, og dei må kunne få kritikk viss dei gjer feil eller er uærlege, ikkje gøyme seg bak ein logo eller bruke ytringsfridomen til å villfare lesarane. Vi har krav på ei god og ansvarleg presse, særleg i desse dagar, med «fake news».


Dette innlegget fekk ros av av juryen i skrivekonkurransen om framtida for media og nyhende. Innlegget er skrive av Vebjørn Woll (18), elev ved Solør videregående skole.

Les vinnarinnlegget her: Framtida for media: Plukk og miks?