Drapsspel blir fjerna frå butikkar etter terroren

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Vi har gjort våre vurderingar i kvar enkelt avdeling, og fjerna diverse spel rundt omkring, stadfestar produktsjef og spelansvarleg i Platekompaniet, André Holt, til NTB. Han ønskjer ikkje å kommentere saka meir.

Terrorsikta Anders Behring Breivik skriv i det såkalla manifestet sitt at han spelte World of Warcraft i eitt år.

Av omsyn til hendingane fredag har Coop Norge inndrege valdelege dataspel og våpenliknande produkt på ubestemt tid, seier direktør Geir Inge Stokke til rogalandsavis.no.

– Dette er eit mellombels grep vi gjer av omsyn til og i respekt for dei berørte, seier Stokke.

Elektronikkjeda Spaceworld har ikkje fjerna nokon produkt frå butikkane sine.

– Vi kan ikkje sjå nokon samanheng mellom det tragiske som er skjedd og det at vi sel spel. Vi har aldri sett nokon undersøkingar om at eit spel aleine har ført til slike hendingar, seier marknadssjef Carl Haakon Klafstad til NTB. (©NPK)

Kva synst du om dette tiltaket?