Dobbeltdebut med indiepop

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sundfør har produsert debutalbumet til musikarekteparet Gunhild Ramsay Kristoffersen og Megan Kovacs, som med låttekstar som ofte kretsar rundt religion og seksualitet fredag er klare med «The Urge Drums».

Dei voks begge opp i religiøse familiar, og opplevde det å stå fram som homofile på både godt og vondt, heiter det om indiepopduoen.

Innspelinga vart gjort i Susanne Sundførs eige studio, Lady Lazarus.

– Det er veldig inspirerande å jobbe saman med Susanne, ho har så mykje kreativitet. Vi lærte veldig mykje av måten ho jobbar på, korleis ho høyrer forskjellige instrument og synthlydar og finn ut korleis dei best kan setjast saman, uttalar gruppa til NTB.

Karmøyjenta Kristoffersen møtte canadiske Kovacs då dei studerte ved LIPA-skulen i Liverpool. I dag bur dei begge i Oslo.

Musikalsk utforskar Bow To Each Other lydbilete inspirert av elektronika, hiphop, sakral korsong og 90-tals popmusikk, heiter det om plata, som har fått terningfemmarar av VG, Dagbladet og Dagsavisen. Med på diverse blåseinstrument på debutalbumet er Lars Horntveth (Jaga Jazzist) , og på trommer Gard Nilssen (Bushman's Revenge).

Det blir sleppkonsert 25. januar på Parkteatret Scene i Oslo. (©NPK)

LES FLEIRE MUSIKKSAKER HER!