Dobbel Pride for Pernille

Runar Bjørkvik Mæland
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

- Grein av glede etter lovendring

Ho engasjerte seg i Skeiv ungdom på grunn av måten transpersonar blir behandla i Noreg, og grein av glede då Stortinget gjorde det mogleg å endra juridisk kjønn utan kastrering tidlegare i år. No håper ho på besøksrekord på Pride, og ønsker Knut Arild Hareide varmt velkomen i paraden.

– Korleis er det å feira Pride som påtroppande leiar i Skeiv ungdom?

– Det er jo heilt topp! Det er ingenting som å ha parade på min første dag. Det er faktisk tilfeldig, for ifølge vedtektene våre skal leiaren gå på to månader etter valet, og det var for to månader sidan på denne datoen.

– Kva er dei største ønska dine for Pride-helga?

– At alle som vil vera med, blir med og kosar seg og har det ålreit med dei dei kjenner, og kanskje til og med blir kjent med nokon fleire! Eg håper me skal slå fjorårets rekord med 25.000 deltakarar i paraden.

Handlar om liv
– Merkar du at fleire vil vera med på Pride etter tragedien i Orlando?

– Me merkar at det er publikumsrekord i Pride Park både i går og i forgårs, og det er fleire påmeldte til paraden enn før. Eg har også snakka med mange som tidlegare ikkje har skjønt poenget med Pride, også skeive folk, men som no engasjerer seg etter den hendinga og ser at det er veldig viktig – det handlar om liv, i ytste konsekvens.

– Ønsker du Knut Arild Hareide velkomen i Pride-paraden?

– Ja, sjølvsagt! Han må gjerne vera med, det er veldig hyggjeleg.

– Kva er det første du byrjar å jobba med etter helga?

– Eg byrjar på kontoret på måndag, då må eg prøva å få mest mogleg oversikt over kva eg tar over. Rydda litt, kanskje. Me har tilsett ny organisasjonssekretær, så eg må prøva å gjera det veldig hyggjeleg på kontoret innan ho kjem. Og så er det mykje som skjer no i sommar, med sommarleirar og anna. Eg sa i valtalen min at eg skulle byggja organisasjonen, så det skal eg fokusera mykje på.

– Berre å pusha på
– Kva med politiske saker?

– Det har jo skjedd mykje i 2016, med likekjønna vigsel i kyrkja og moglegheit for endring av kjønn utan at du må bli kastrert, og å berre pusha på vidare og følgja den utviklinga er veldig viktig no.

– Kva er det som har gjort at du engasjerer deg i Skeiv Ungdom?

– Vanskeleg spørsmål! Eg har alltid vore engasjert, og er Skeiv Ungdom sin største fan. Men det var eigentleg litt tilfeldig. Då eg flytta tilbake til Oslo frå Tromsø for nokon år sidan såg eg at dei søkte nye folk til sentralstyret, og så tenkte eg «det er litt kult, eg må jo driva med noko som er viktig». Det var den måten Noreg behandlar transpersonar på som var hovudårsaken til at eg nominerte meg sjølv til valkomiteen. Og når eg har blitt meir kjent med utfordringane som skeive står overfor i Noreg, så har det berre balla på seg.

– Eg var på Stortinget då dei behandla lovforslaget som opna for juridisk endring av kjønn utan kastrering, og det var ein av dei beste dagane nokon sinne for meg. Då grein eg, rett og slett. Det er eit kjempeviktig steg.

Les også: Hadde du gløymt at det er livsfarleg å vera skeiv?

Les også: Du treng ikkje vera skeiv for å skeive

Faktaboks

Sivertsen har tidlegare vore aktiv i AUF, og har bachelorgrad i politikk, økonomi og filosofi med fordjuping i statsvitskap frå Universitetet i Tromsø. 25. april i år blei ho valt som ny leiar i Skeiv Ungdom etter kampvotering mot sitjande leiar Eirik Rise.