Distrikta meir nyskapande enn Oslo

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Distrikta meir nyskap- ande enn Oslo

For første gongen rangerer NHO graden av nyskaping i dei 83 regionane rundt i Noreg. Talet på nye bedrifter, nye produkt, tenester og nytilsetjingar er blitt målt.

Hovudstaden kjem på 12. plass. Bjørnafjorden, med Os, Fusa og Samnanger kjem på førsteplass. På andreplass ligg Øygarden og Sotra – også i Hordaland.

– Konklusjonen snur opp ned på mytane om kor innovasjonskrafta i Noreg er. Nord-Trøndelag er landet sitt nest mest innovative fylke, Troms er på 5. plass, og Sør-Trøndelag med Noregs «teknologihovedstad» Trondheim er på 6. plass. Eit slikt mønster, der hovudstaden gjer det vesentleg dårlegare på innovasjon enn distrikta må truleg vera uvanleg i europeisk samanheng, seier NHOs direktør for næringspolitikk, Petter Haas Brubakk til Dagens Næringsliv.

Manglar ingeniørar og fagfolk
I dag blei Næringsbarometeret for Hordaland og Sogn og Fjordane lagt fram. Det viser ein aukande optimisme. Over 60 prosent av verksemdene trur på auka omsetnad i 2011.

Talet på permitterte ingeniørar går ned. Faktisk så melder 15 prosent av dei 1100 bedriftene som er med i undersøkinga om at dei har ledige stillingar som dei ikkje klarer å finna rett folk til.

Store næringar som metall- og verftsindustrien er minst optimistisk, på grunn av minkande ordrereservar.

SKRIVEKONKURRANSE: Kva framtid vil du ha?