Difor krympar våren og vinteren

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Våren blir kortare og kortare

Klokka 12.02 onsdag 20. mars er det vårjamdøgn. Då står sola midt på himmelen over eit punkt på Ekvator. Frå soloppgang til solnedgang vil det gå nesten nøyaktig 12 timar over heile Jorda denne dagen.

Frå gamalt av er 21. mars kjent som vårjamdøgnet. Påskesøndag kjem alltid første søndag etter første fullmåne etter 21. mars. Men dei fleste gongene det siste hundreåret har vårjamdøgnet vore 20. mars – og i 2020 vil det vera 19. mars fleire stader på jorda. Kvifor skiftar det?

Nettsida Space.com oppgjev tre grunnar til at vårjamdøgnet kan variera.

• Skotår – at døgnet ikkje er 365 dagar, men nærmare 365,25 dagar.
• Banen som Jorda går rundt Sola varierer – den er i ein skru.
• Gravitasjonskrafta frå andre planetar påverkar også banen til jorda.

QUIZ: Kva veit du om verdsrommet?

For den nordlege halvkula er i dag vinteren 88,99 dagar, våren 92,76 dagar, sommaren 93,65 dagar og hausten 89,84 dagar. Det vil seia at våren og sommaren er over ei veke lengre enn hausten og vinteren.

Men ifølgje Space.com minkar våren no med kring eitt minutt per år, og vinteren med eit halvt minutt kvart år. Sommaren aukar med eitt minutt og hausten med eit halvt minutt.

Og slik vil utviklinga gå fram til år 3500, heilt til vinteren når minimumstida si på 88,71 dagar.

LES OGSÅ: Trur verdsrommet vil gå ut på dato