Difor krympar fisken

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– I år etter år har vi fiska etter dei største og beste fiskane. Det betyr at «gode gen» forsvinn frå bestanden. Samtidig fiskar vi berre på dei artar som vi føretrekkjer. Dermed forrykkjer vi den naturlege balansen mellom dei mange artane i havet, skriv fiskeribiolog Jeppe Kolding ved Universitetet i Bergen i ein kommentar i Bergens Tidende.

Han meiner me no begynner å sjå verknadene av det systematiske utvalet av ressursane i havet. I Nordsjøen, som har vore fiska hardt i over hundre år, finst det knapt store fiskar igjen.

LES OGSÅ: – Torsken er havets Houdini

Nokre artar, til dømes store skater, har nesten forsvunne, mens andre berre blir mindre og mindre. Dette er naturens svar på det vi kan kalle «unaturleg seleksjon», ifølgje Kolding.

Den fisken som genetisk veks seg størst har høgare dødelegheit enn andre. Mindre og tidlegare kjønnsmoden fisk dominerer stadig sterkare i bestandane, og vil dermed ha større sjanse for å bringe genane sine vidare.

– Fleire og fleire studiar indikerer at fisken svarer på høgt fiskepress med å bli gradvis tidlegare kjønnsmoden. Vi kallar dette «fiskeriindusert evolusjon», skriv biologen.

Eit eksempel er nordaust-arktisk torsk, ein av dei viktigaste ressursane våre: Alder ved kjønnsmodning har minka frå ni-ti år før det industrielle fisket begynte for alvor, til sju-åtte år i dag. (©NPK)