Dette tyder Super Bowl-opprøret til Beyoncé

Debatt
Publisert
Oppdatert 27.04.2018 10:04

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Beyoncé deler USA i to

Nyleg slapp Beyoncé Knowles songen Formation. Låta er ein hyllast til afro-amerikansk kultur og sørstatane, der pop-songarinna har røtene sine. Teksten brukar Knowles til å gi klar beskjed om at ho er stolt over å vere ei svart kvinne, og stolt av kulturarven ho har frå oppveksten i dei afro-amerikanske strøka av Houston, Texas.

LES OGSÅ: Beyoncé: Frigjerar eller undertrykkjar?

Formation har vore det primære samtaleemnet i USA dei siste dagane. Videoen, som er regissert av Melina Matsoukas, har vekt sterke kjensler og delt landet langs politiske og etniske linjer.

Mange her heime har kanskje lurt på kvifor songen har dominert media dei siste dagane. For å forstå kvifor låta og videoen provoserer så sterke reaksjonar, må ein forstå det rasebaserte amerikanske samfunnet.

Må konstant motbevise stereotypar
Samanlikna med europeiske statar, er USA eit relativt ungt land. Landet var fyrst befolka av ulike uramerikanske nasjonar. Då europeiske utforskarar kom til landmassen på 1400-talet, med afrikanske slavar i båtane sine, etablerte dei eit nytt sosialt hierarki med kvite på toppen, og folk med afrikanske røter på botnen.

Då landet fekk sjølvstende frå Storbritannia i 1776, introduserte den nye amerikanske regjeringa lover som gjorde raseskilje offisielt fram til slutten av 1960-talet. Sjølv om samfunnet no er integrert, ser ein spor etter eit system som lèt kvite dominere og utestengde andre rasar.

Folk og kultur av europeisk opphav, særleg vesteuropeisk og nordisk, symboliserer i denne samanhengen skjønnheit og intelligens. Amerikanarar «av farge» må konstant motbevise stereotypar som den dominante kulture har om dei. Kulturane deira vert sett på som eksotiske, sære og usiviliserte. Særleg afro-amerikanarar har opplevd mykje diskriminering og vald, frå slaveri til politivalden mot svarte folk som har vore mykje rapportert dei siste to åra.

Beyoncé gjer opprør
Det er dette Beyoncé siktar til i Formation. Ho tek til motmæle mot kritikken mange amerikanarar, både mørke og kvite, har kome med om utsjånaden til ektemannen og dottera hennar: «I love my negro nose, Jackson Five Nostril/I love my baby hair with baby hair and afros».

Videoen viser òg til Black Lives Matter, ei rørsle som vart starta i 2013, som ein ikkje-valdeleg kamp mot den stadig aukande politivalden afro-amerikanarar vert utsett for. I ein del av Formationdansar ein liten mørk gut i hettegensar. Han minnar om 12 år gamle Tamir Rice, som i fjor vart skoten av politi fordi han heldt ein leikepistol framføre ei rekke med kvite politimenn. Guten strekker ut armane og politiet hevar sine hender i ei symbolsk overgiving.

LES OGSÅ: K-pop: Meir enn berre «Gangnam Style»

Hylla og hata
Mange kvite amerikanarar har derimot tolka videoen, som berre har afro-amerikanske menneske og kulturelle referansar, som diskriminering mot dei sjølve. At Beyoncé valte å synge songen på Super Bowl vekte enno meir sinne. Tidlegare ordførar i New York, Rudy Giuliani, er blant dei som meiner at songen og framsyninga på Superbowl er eit angrep mot politiet. Andre, også europeiske medium, har påklaga Beyoncé for å dra inn rase der det ikkje høyrer heime. Nokre har til og med organisert anti-Beyoncé protestar i New York.

Det afro-amerikanske befolkninga har reagert overveldande positivt til videoen. Mange er glade for å sjå artisten endeleg snakke ut om diskrimineringa og valden som svarte amerikanarar diverre opplever som ein del av kvardagen.

Andre er meir kritiske til og spør: kvifor har det teke Beyoncé så lang tid å vise offentlig støtte for Black Lives Matter? Dei peikar til det at Knowles i lang tid har sikta musikken og videoene hennar mot eit kvitt publikum. Det svarte feministikonet bell hookshar beskrive Beyoncé som ein terrorist når det kjem til kroppsideal og sjølvtillit , særleg for unge afro-amerikanske kvinner. Sidan ho har passa til estetikken som er ideal i den dominante kulturen, har den afro-amerikanske identiteten havna i baksetet.

Det er viktig å vere kritisk til Beyonce og estetikken hennar, men ein må samstundes forstå at det er ei stor hending at ho brukte songen og Super Bowl til å minne det amerikanske samfunnet om at ho er ei svart kvinne, og at ho bryr seg om opplevingane til mindre privilegerte afro-amerikanarar.

Ein tradisjon av protestsongarar
Beyoncé er ikkje den fyrste svarte kvinnelege artisten som har kome med ein protestsong. Nina Simone, den legendariske og ukategoriserbare songarinna, dediserte songkarriera si til protest, med låtar som To Be Young, Gifted, and Blackog The King of Love is Dead, som var ein respons til mordet på Martin Luther King Jr. i 1968.

Ifjor tok Janelle Monae med seg artistkollektivet sitt Wondaland på ein Black Lives Matter-protestturné rundt i Statane. Simone og Monae har brukt makta dei har som offentlige figurerer til å kjempe mot systematisk diskriminering.

Simone betalte dyrt for protestane sine, ved at karriera hennar lei og at ho vart svartelista i Statane fram til 1990-talet.

Det gjenstår å sjå om Monae og Beyoncé vil få den same skjebna, eller om samtidas USA kan handtere ein popartist som ikkje berre er svart, men som også er stolt av det.

Les fleire innlegg av Dubie«Kva har vi her – ein gorilla?»