Dette skjer om ein bles raudt

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dei fleste bilførarar har nok ein eller annan gong opplevd å bli stogga i ein promillekontroll. Heldigvis bles ikkje mange raudt på apparatet.

– Men kva om ein gjer det?

– Då har politiet to val. Anten at patruljen tek personen frivillig inn til lensmannskontoret for ei utvida alkoholprøve, på eit apparat som er eit godkjent bevismiddel i ei straffesak. Eller, at ein tek ein blodprøve om patruljen mistenkjer blandingsrus eller rus som ikkje har med alkohol å gjera. Blodprøven må utførast av helsepersonell, seier operasjonsleiar Tore Frøyland Jensen i Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.

– Kor stor kan straffa verta?

– Det spørst kor stor promillen er. Det eksisterer grenser som påtalemynde tek ei vurdering av før ein avgjer. Har ein høg nok promille må ein sona i fengsel, seier Frøyland Jensen.

– Og om ein bles akkurat på grensa?

– Om ein bles på 0.2, så ventar me vanlegvis eit kvarter eller 20 minutt. Så let me bilførar blåsa på ny, slik at me ser om promillen er stigande eller fallande. Etter det vil me ta ei avgjerd om me har behov for å ta beslag i førarkortet, eller om me må be føraren avslå frå å køyra i nokre timar, seier Frøyland Jensen og fortel at det er mogeleg at til dømes munnskyljevatn kan gje utslag på slike testar.

– Moralen her er, ikkje køyr i fylla. Heller ikkje dagen der på. Me har plenty av dei som trur dei har vore edruelege dagen der på, men så har dei hatt promille og så er dei utan førarkort i månadsvis. Fordi dei tok ei feilvurdering, seier Tore Frøyland Jensen.

Les saka i Sunnhordland!