Dette lærer flyktningane om norsk familieliv

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Årdal: Førre veka gjennomførte ei gruppe eritrearar eit foreldrerettleiingskurs som UDI har utvikla saman med fagpersonar innanfor helse og sosialt arbeid. 

Målet med kurset er å få opp medvita om korleis det er Noreg med normer og reglar, samt diskutere aktuelle problemstillingar rundt kulturforskjellar. 

Årdal Mottakssenter søkte og fekk innvilga midlar til tolk, slik at dei no kan gjennomføre desse kursa på dei aktuelle språka som i dag finst ved mottaket.

LES OGSÅ: Flyktningar: – Snakk med oss

Sidan det ikkje er så mange i Årdal som snakkar språket tigrinja, fekk også busette flyktningar i kommunen delta i samarbeid NAV og vaksenopplæringa.

– På denne måten kan me få ei større gruppe med diskusjonar. Det blir litt meir spennande innfallsvinklar med meir diskusjon rundt bordet, seier mottaksleiar ved Hero Årdal Anne Margrete Hatlelid. 

Har lært mykje
Studentane sit rundt bordet og har nettopp fått utlevert eit diplom som viser at dei har delteke på kurset – eit kurs både mottaksleiaren og dei sjølve meiner er viktig.

– Me har lært at ein alltid skal setja barnas beste først, at ein ikkje skal drikke alkohol framfor ungane, kva rettar me har, at ein ikkje skal krangle framfor ungane og heller ikkje slå, fortel Bizen Tekie medan dei andre nikkar.

Dei fortel alle at sett vekk frå at det er mindre utdanning blant folk i Eritrea, så er familielivet ganske likt. 

– Me har også snakka om barnevernet og kva hjelp dei gir til familiar, legg Feiruz Hassen til. 

LES OGSÅ: Røde Kors: Slik kan du bidra til integrering!

Viktig kurs
Hatlelid fortel at det sistnemnde skapte engasjement rundt bordet. 

– Dette med oppfatning og historie ein har hatt av barnevernet, som ein institusjon som berre tek barna. Eg trur me har lært at det er det siste barnevernet gjer. Det er så mykje meir dei kan bistå med enn berre å ta frå foreldre ungane, seier mottaksleiaren, som meiner dette er eit viktig tiltak.

– Eg trur det er enormt viktig. Ein skal ikkje tru at alle er førebudde på kulturen vår sjølv om dei har bestemt seg for at det er hit dei skal. Det tar tid å venne seg til ny kultur, land og språk. Ein må ikkje forventa at folk tilpassar seg med ein gong dei passerer den norske grensa.

Også deltakarane på kurset er samd i det, og meiner dette gir dei sjansen til å stille spørsmål dei sit inne med. 

Les saka i Porten.no!