Dette førte ungdom ut i gatene

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Ungdommar er allereie engasjerte. Utfordringa er å få tak i dei, seier Merima Maja Brkic (29), som er rådgjevar for Storbritannia sin statsminister David Cameron, under Mot til å meina-konferansen i Oslo torsdag.

– Vi stiller oss spørsmålet: Korleis kan vi involvere ungdom? Det må vi ta tilbake. Vi må heller spørje oss: Korleis kan vi høyre på ungdommen, meiner Brkic.

Brkic var ein av fleire innleiarar som snakka for dei rundt 100 frammøtte under konferansen torsdag føremiddag. 29-åringen er frå Bosnia, og har vore busett i Årdal i Sogn og Fjordane frå ho var 12 til ho var 18 år.

Kutta som blei ei kruttønne
Ho er forfattar og har jobba som rådgjevar for fleire britiske ministrar. Ho trur ikkje britiske ungdommar har tru på nokre av dei eksisterande politiske partia. Litt av årsaka til det har samanheng med tredoblinga av skulepengar som blei vedtatt i Parlamentet i fjor.

Facebook-generasjonen var tidlegare nærast eit skjellsord for Merima Maja Brkic, men etter det som skjedde i samband med auken av skulepengane har ho endra syn på dette.

– Plutseleg var det mange demonstrasjonar med unge folk i gatene. I løpet av tre veker var over ein million ungdommar med og demonstrerte mot denne auken. Facebook-generasjonen fekk ei heilt ny meining for meg. Dei var ikkje snørrungar på gata. Dei kunne twitre, organisere seg på Facebook, halde tale i gatene og dei var sinte, seier ho.

Mindre representantivitet
Brkic meiner mangel at rekrutteringa av politikarar frå eit smalt lag av folket gjer at konfliktane aukar. I Parlamentet har totredjedelar gått på privatskule, sju av ti ministrar ved Oxford og Cambrigde. Det er tre kvinnelege ministrar og 19 menn.

LES OGSÅ: Krise, velferd og demokrati

I Underhuset er snittalderen 50 år. 505 er menn og 144 er kvinner. I Overhuset er snittalderen på 65 år, og det er nesten berre menn.

– Det er nesten som å vera på ferie i Syria, kommenterer Maja Brkic syrleg.

På spørsmål om 16-års stemmerettsalder, trur ho ikkje dette er tida for det.

– Eg trur ikkje det vil tena regjeringa å gje 16-åringar stemmerett. Kven kunne 16-åringane eigentleg røysta på?

– Me treng enkeltsakene
Ho viser til at ungdommen sitt engasjement også viser seg i Norge i dag. Mellom anna nemner ho saka frå den norske heimstaden hennar som dreier seg om distriktssjukehusa sin vidare eksistens.

– Engasjement til ungdom handlar om enkeltsaker, og det er ikkje ulikt i Storbritannia og Norge, slår Brkic fast.

Sjølv er ho opptatt av at skilja mellom enkeltsaker og politikk skal viskast ut.

– Politikarane må bli meir bevisste på å bruke enkeltsaker for å vise sin ståstad. I til dømes Amelie-saka var dei norske politikarane feige. Ingen våga å stå fram og seie at dei anten støtta ho eller ville kaste ho ut av landet, seier den politiske rådgjevaren.

Auka sosialt ansvar
Maja Brkic er no med i eit prosjekt for å auka personleg og sosialt ansvar. National Citizens Service er ein sommarskule for 16-åringar.

– NSC skal læra ungdommen kva det betyr å ha ansvar i samfunnet ved å be dei tena lokalsamfunnet, fortel ho.

Målet er å ha 12.000 ungdommar i første omgang.