Dette er jihad

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Veit du kva jihad betyr?

Å omsetja jihad til heilag krig blir nemleg for enkelt. Det finst arabiske ord for både heilag og krig – det arabiske ordet for krig er «al-harb». I dag er det fleire tolkingar som har utvikla seg gjennom åra – dei lærde stridast, som ein seier.

LES OGSÅ: 5000 samla mot ekstremisme

Med sverdet i hand
Lars Gule, Midtausten-eksperten, fortel at tydinga av ordet har forandra seg – og at tolkinga som heilag krig ikkje berre handlar om dårleg omsetjing.

– Den opphavlege, historiske tydinga er å kjempa med våpen i hand, det er nok hovudtydinga i koranen, seier Gule.

Jihad handlar om å beskytta Islam – altså gjerne med sverd i handa, frå ein historisk ståstad. Men etter kvart som religionen har utvikla seg, har forståinga av jihad gjort det same.

– Det kan og bety å streva eller å anstrenga seg. Det er den vanlege tydinga for dei fleste muslimar i dag – å streva, seier Gule.

LES OGSÅ: Vil forby blasfemi i FN

#myJihad
Etter kvart har det altså blitt to former for jihad – den store og den vetle jihad. Den vetle er altså det Gule kallar å kjempa med våpen i hand, medan store jihad er kampen kvar enkelt gjer innvendig for å bli ein betre muslim.

I håp om å spreia denne oppfatninga av jihad – ein intern kamp for å bli ein betre muslim – var det mange som nytta seg av hashtagen #myjihad for å skildra kva jihad kunne vera, og for å ta avstand frå jihad som ein motivasjon for krig og vald.

 

Du kan lesa meir om kampanjen her.

LES OGSÅ: Færre nordmenn går i kyrkja

Å gå til krig
At fleirtalet av muslimar tolkar jihad som ein indre kamp, hjelp lite i mediebiletet når ekstremistar fører krig for Islam.

– Dette er jihadistar, som vil tilbake til den historiske tydinga av jihad.

Men skiljet mellom den historiske tydinga om å ta våpen i hand og den teologiske tolkinga om indre kamp blir litt klønete når ein les at også den teologiske tolkinga seier at ein kan gå til krig for islam – men berre i heilt spesielle tilfelle.

Islamic Supreme Council of America skriv på sine heimesider at militær handling er ein form for jihad, men at den er veldig sjeldan. Og dersom ein skal gå til krig, kan ikkje kven som helst gjera det.

– Ein kvalifisert person må ta avgjersla. Klassisk er det berre kalifen som kan gjera det, men han finst ikkje i dag. Difor vil mange meina at det ikkje finst vetle jihad i dag, berre store jihad, forklarar Lars Gule.

– Men jihadistane vil seia det er di plikt å kjempa for Islam, og set til side dei teologiske tolkingane. IS vil til dømes meina det dei gjer er berettiga, men lærde muslimar flest vil sei dei ikkje ein gong er kvalifiserte til å vurdera spørsmålet, held han fram.

TestTube har laga ein lett fordøyeleg video som og forklarar kva jihad er, og dei ulike tolkingane. Den kan du sjå her.

–Misforstått heile Islam

Då 5000 samla seg i Oslo sentrum for å protestera mot ekstremisme, var den jihadistiske tolkinga av islam noko av det det vart protestert mot.

– Grupper som dette har misforstått heile Islam. Islam betyr fred og handlar om å spreia den gode bodskapen. Det er synd å drepa menneske, uansett, fortel Sara Aljaboury (18) ein av initativtakarane bak demonstrasjonen.

Ho er berre ein av mange muslimar som vil distansera seg frå ekstremismen og handlingane til grupper som IS.

Faktaboks

Jihad er eit arabisk ord som reint lingvistisk sett tyder å streva eller å anstrenga seg.

Historisk har det betydd å forsvara Islam med våpen i hand, ifølgje blant andre Lars Gule.

Frå ein teologisk ståstad er tolkinga litt annleis – ein snakkar som store og vetle jihad.

Vetle jihad er då det valdelege, den militære delen. Store jihad er det indre strevet for å bli ein betre muslim.

Å gå til krig for Islam er det eigentleg berre kalifen som kan gjera. Han finst ikkje lenger, og difor meiner fleirtalet av muslimske lærde at vetle jihad ikkje lenger eksisterer.