Dette er høgast på ønskelista

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Henrik Aasheim, leiar i Unge Høgre:

Korleis er Noreg endra etter 22. juli?

– Noreg mista på mange måtar uskylda si 22. juli. Det vesle, trygge Noreg var ikkje lenger så trygt som vi trudde. Samstundes skapte dette eit utruleg samhald mellom menneske som vi vel ikkje har sett sidan 2. verdskrig. I ettertid har temperaturen på debatten igjen auka og vorte meir kjensleladd enn me tillét oss midt oppe i sorga og fortvilinga. Eg håpar me klarar å halda debatten sakleg når vi går inn i eit nytt år med ein opprivande rettssak og nye prøvelsar for demokratiet vårt.

Kva har gleda deg mest i 2011?

– Reaksjonen i dagane etter 22. juli var veldig flotte og gledde meg stort i ei utruleg tung tid. I tillegg må eg trekkja fram det svært gode kommunevalet for Høgre med oppslutnad på 28 prosent. Det gjorde meg veldig glad og stolt over å vera ein del av dette flotte partiet.

Kva har skuffa deg mest i 2011?

– At klimasaka så til dei gradene har hamna i skuggen. På trass av mange fagre løfte i åra som har gått, har 2011 vore eit stort tilbakeslag for klimasaka. Noko rørsle i Durban vegar diverre ikkje opp for eit manglande fokus gjennom året. Det må vera eit mål igjen å kome på rett kjøl i denne saka i løpet av 2012.

Kva er det største ønsket ditt for 2012?

– At alle som har mista nokon i 2011 sakte men sikkert opplever at livet blir litt ljosare og at dei små gledene i kvardagen kjem tilbake. Håpet mitt er at 2012 òg skal representera ein oppoverbakke som kan vere slak, men som gjer det enklare å kome vidare.


Sveinung Rotevatn, leiar i Unge Venstre:

Korleis er Noreg endra etter 22. juli?

– Som ein ofte ser etter politiske attentat, noko 22. juli i bunn og grunn var, trur eg fleire ser viktigheita av å engasjera seg. Av å ikkje ta grunnleggjande verdiar for gitt. Av å bruke stemmeretten og stilla til val. Dette er grunnleggjande positivt. På den andre sida har ein sett tendensar til at samfunnsaktørar og meiningsdannarar i ulike leirar forsøker å tilpasse terroråtaket til si eiga politiske røyndomsskildring. Det meiner eg er uverdig.

Kva har gleda deg mest i 2011?

– Den enorme positiviteten som var rundt Unge Venstre og Venstre gjennom heile valkampen, inkludert ein botnsolid medlemsvekst og toppa med eit veldig godt valresultat – det beste på over 40 år. Det gav meg fornya optimisme og tru på at vi som engasjerer oss i Noregs eldste parti er med på noko som er på veg til å bli stort.

Kva har skuffa deg mest i 2011?

– At regjeringa framleis ikkje har levert ei klimamelding. Det er fullstendig skandaløst at verdas rikaste regjering ikkje ser seg i stand til å oppfylle klimamåla som er vedtekne i landets folkevalde forsamling. Kva i alle dagar er det dei ventar på? 

Kva er det største ønsket ditt for 2012?

– At Venstre skal gå tydeleg inn for regjeringsskifte, der politikk og ikkje parti skal vere avgjerande for kven vi kan samarbeida med. Eg håpar at det ønsket blir oppfylt på landsmøtet til våren. 


Ola Skaalvik Elvevold, leiar i Natur og Ungdom:

Korleis er Noreg endra etter 22. juli?

– Det er sikkert på mange måtar, samstundes som det er for tidleg å seia noko sikkert der ennå. Men eg håpar blant anna det betyr at me i åra som kjem legg endå større vekt på det deltakande, levande folkestyret vårt – og vernar om særleg retten til engasjement og innverknad for ungdom.

Kva har gleda deg mest i 2011?

– Avgjersla om eit oljefritt Lofoten, Vesterålen og Senja. Ein enorm seier for miljøet, og ein siger som viser at det nyttar å sloss, også mot landets mektigaste næring.

Kva har skuffa deg mest i 2011?

– Utfallet av klimatoppmøtet i Durban, som kjem dramatisk til kort i forhold til det klimaet treng. Semjene frå Durban legg opp til eit kvileskjær i klimakampen fram til 2020 – minst. No blir ansvaret på dei enkelte landa, først og fremst rike industriland, desto større.

Kva er det største ønsket ditt for 2012?

– Ei sterk klimamelding frå regjeringa og klimaforlik i Stortinget. Ambisjonane for utsleppskutt heime må opp, ikkje ned, og dei meiningsfylte tiltaka som tar tak i dei som forureinar aller mest, må koma på bordet.


Iver Johansen Aastebøl, leiar i Raud Ungdom:

Korleis er Noreg endra etter 22. juli?

– Vi har blitt meir klar over at eit ope og fritt samfunn ikkje kan takast for gitt. I tillegg trur eg fleire fekk augo opp for kvar for trussel valdeleg islamofobi utgjer.

Kva har gleda deg mest i 2011?

– At tusenvis av elevar var med å streika for leksefri skule i september.

Kva har skuffa deg mest i 2011?

– At nokon meiner at ord som snikislamisering framleis er fornuftig å bruka.

Kva er det største ønsket ditt for 2012?

– At asylsøkjarar og ureturnerbare får lov til å arbeida. Det er meiningslaust at folk som vil jobba og betala skatt, blir nekta å bidra.


Sandra Konstance Nygård Borch, leiar i Senterungdommen:

Korleis er Noreg endra etter 22. juli?

– Noreg er sjølvsagt enno prega av det grufulle som skjedde 22.juli. Men først og fremst så trur eg me er endra til ein nasjon der demokrati og openheit blir større verdsett.

Kva har gleda deg mest i 2011?

– Personleg så er mitt høgdepunkt då eg blei vald til leiar av Senterungdommen i november.

Kva har skuffa deg mest i 2011?

– At Senterpartiet ikkje vann kampen om lokalsjukehusa.

Kva er det største ønsket ditt for 2012?

– Ønsket mitt er å løfta Senterungdommen til ein meir aktuell og slagkraftig ungdomsorganisasjon. Samstundes så håpar eg på eit spennande politisk år med mange viktige debattar. 


Gunhild Grande Stærk, leiar i Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner (LNU):

Korleis er Noreg endra etter 22. juli?

– Personleg har eg tenkt på korleis det endrar oss å ha opplevd eit så forferdeleg angrep med så grusame intensjonar. Vi er vant til å observere slike massive maktovergrep på avstand – i landet til nokon andre. No er det ein del av den nyare historia vår. Vi kan lettare identifisera oss med dei nye landsmennene våre som har flykta frå slike menneske i eige land og eg trur vi set ekstra pris på det som er godt i liva våre denne jula. Det minner oss òg om at kvart enkelt menneske har eit stort ansvar for å forvalte livet sitt og tida si på ein god måte. Fotspora våre kan gjera massive inntrykk på liva til andre menneske. Eg håpar vi gjer det vi kan for at desse skal vera gode!

Kva har gleda deg mest i 2011?

– Høvet til å arbeide for noko eg brenn for og at kjærasten min fridde med bryllaup på årets nest siste dagen

Kva har skuffa deg mest i 2011?

– Immunforsvaret mitt. Elles har eg blitt mykje positivt overraska.

Kva er det største ønsket ditt for 2012?

– Sjå meir til venene mine, god helse og gjennomslag for kjernesakene til LNU, som for eksempel16-årig røysterett.
 

Kva er nyttårsønsket ditt? Del svaret ditt i kommentarfeltet!