– Dette bør få konsekvensar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Artikkelen vart først publisert hos Avisa Nordhordland

– Ein skulle trudd at dei tok innover seg at dei var ei mindretalsregjering. Dette må få konsekvensar, seier Erstad.

Han er svært misfornøgd med både den sosiale profilen, men og med den internasjonale profilen på statsbudsjettet til Høgre og Framstegspartiet.

Han peikar på det som skjer ute i verda med store flyktningekatastrofer, ebolautbrudd og andre katastrofar.

LES OGSÅ: Skal fiksa tunnelar for 82 millionar kroner

Kaldt, usolidarisk og heilt uakseptabelt
I framlegget til statsbudsjett vil regjeringa kutta ut bistanden til 32 land. Bistanden aukar, men endar likevel opp under KrF sitt krav om ein prosent av bruttonasjonalinntekta. Det er lagt opp til å bygga eit transitsenter for grunnlause asylsøkarar på Gardermoen.

– Det er kaldt, usolidarisk og heilt uakseptabelt, seier han.

– Dette kan ikkje passera KrF i Stortinget utan betydlege endringar, legg han til.

LES OGSÅ: Meir pengar til TCM

Erstad seier at budsjettet er så dårleg, at det ikkje er aktuelt å støtta noko skattelette til dei rikaste, med mindre KrF får mykje att i forhandlingane.

Han meiner budsjettet går i feil retning, og er eit dårleg utgangspunkt for forhandlingar. For Høgre og Framstegspartiet er ei mindretalsregjering, og må ha støtte frå KrF og Venstre.

Erstad er svært lite nøgd med skattekutta som han meiner ikkje er vekstfremmande. Han er og skuffa over manglande innsats for å få ned aborttala, eingongsstøtta til gravide som ikkje har vore i jobb, at ein aukar grensa for å få familiepengar og at ein doblar krava for å få foreldrepengar i permisjon.

LES OGSÅ: Dette er studentane sitt statsbudsjett

– Produserer fattige
– Dette er ein politikk som produserer fattige i Noreg, hevdar han.

Difor meiner han at budsjettet bør få konsekvensar for samarbeidet.

– Det påverkar samarbeidsviljen vår når me får dette servert. Me vil ikkje vera med for å retta opp kutta deira, en for å få konstruktive, positive endringar i samfunnet, seier han.

For at KrF skal verta nøgd, vil dei ha fleire flyktningar til Noreg, meir pengar til bistand, meir til fattige barnefamiliar og å redusera talet på fattige barn.

Stortingsrepresentant Torill Eidsheim (H) er og stort sett nøgd med budsjettet.

– Klart at det er områder i dette budsjettet som eg skulle ynskt det var meir pengar på. Men slik vil det alltid vera, seier ho.

LES OGSÅ: Skal bruka 150 millionar på Fedjeubåten

– I det store og det heile er eg nøgd. Det viser ei retning, og me har tatt grep på dei områda me har sagt at me skal ta grep, held ho fram.

Dette er det fyrste heilt eigne budsjettet H/FrP-regjeringa får legga fram.

– I førre runde følte me meir at det var snakk om flikking. Men dette budsjettet var det rom for å jobba lenger med, og dette er eit budsjett som viser retning, seier Eidsheim.

LES OGSÅ: Demonstrerte mot skulepengar

– Dette sikrar arbeidsplassar
Gjermund Hagesæter er finanspolitisk talsmann for Framstegspartiet og har hatt ein finger med i spelet under utarbeidinga av budsjettet. Han er kjempenøgd med budsjettet dei har lagt fram.

– No tek me grep for å få meir effektive statlege etatar, og me brukar pengar på rammevilkår og trygge arbeidsplassar. Det er viktig, seier han.

Men han kallar det berre for ei byrjing.

– No må me jobba vidare. Det er ei utrygg verd der ute. Så å sikra arbeidsplassar og forbetra samferdlse er viktig, peikar han på.

– Nokon hevdar at dette er eit urettferdig budsjett med skattelette til dei rikaste og kutt for dei svakaste i samfunnet?

– Kutt for uføre med barn var noko som eit einstemmig storting har vedtatt før. Nokon kjem betre ut, og så er det overgangsordning for dei som kjem dårlegare ut, peikar han på.

LES OGSÅ: – Åtak på nynorsk for barn og unge

Hagesæter viser til at dei vil ha fleire ut i arbeid.

– Arbeidslinja er viktig for oss, seier han.

Han forsvarar ivrig kutta i formueskatten og.

– Intensjonen er ikkje at dei rike skal verta rikare. Men at ein bedriftseigar som har formue, må ta frå bedriften for å betala formueskatten på. Om det er to bedrifter ved sidan av kvarandre, der ei er eigd av ein nordmann og den andre av utlendingar. Slepp dei som har utanlandske eigarar å betala formueskatt, medan den norskeigde må gjera det. Difor er dette gjort i solidaritet for å trygga arbeidsplassar, meiner Hagesæter.

Han reknar med at forhandlingane for å komma i mål vert tøffe.

LES OGSÅ: – Eit lotteri med unge si helse

– Alt er ope for forhandlingar
– Det er alltid krevande å forhandla med KrF og Venstre. Men eg trur me skal klara det, seier han.

Forhandlingane byrjar ikkje før mot slutten av oktober, men Hagesæter seier dei kjem til å snakka saman før den tid.

– Er det postar de ikkje vil forhandla om?

– I utgangspunktet er alt ope for forhandlingar. Men sjølvsagt er det postar det vil vera større problem å endra på, innrømmer han.

– Kva postar er det snakk om?

– Her kan det vera nyansar i synet mellom Høgre og FrP, men det er feil av meg å gje oppskrifta på det no. Då legg me føringar i forhold til forhandlingane, peikar han på.

LES OGSÅ: Meland får 3,5 ekstramillionar