Det var både latter, gråt og frysningar

Debatt
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Omtale: Den tilfeldige rockestjernen

Historia og suksessen bak Kaizers Orchestra er underleg på mange måtar. Dei klarte å slå gjennom i både Noreg og utlandet, til trass for at dei syng på eit språk som er uforståeleg for dei fleste i verda, og på ei dialekt som mange i landet slit med å forstå. I tillegg er dei rekna av mange som rock, men samtidig er dei det minst rocka bandet på den norske rockscenen. Orgelsoloane deira er særs enkelt gjenkjennelege, og deira balkaninspirerte stilen vekker Jugo-nostalgia i mi slaviske sjel.

LES OGSÅ: Den maskerte rockestjerna

I dag er det premiere til Kaizers-filmen, som mange har snakka om i nokre år – «Den tilfeldige rockestjernen». Regissør med polske røter Igor DeVold står bak den, og eg var så heldig at eg fekk sjå urpremieren under filmfestivalen Kosmorama i Trondheim. I forkant av det vorsa eg med Kaizers frå morgonen av, for å komma i riktig stemning – men det kunne ikkje førebu meg for kva som kom i filmen. For det var både latter, gråt og frysningar.

«Den tilfeldige rockestjernen» er ein musikkdokumentar, men DeVold klarer å løfte sjangeren til nye høgder: filmen liknar meir på ein spelefilm enn ein tilfeldig dokumentar. Regisserte scener er blanda med ekte backstage-materiale, tatt opp av bandmedlemmane og sjølve regissøren, og det er ei flott blanding. Opptak frå konsertar lèt oss kjenne som om vi sjøl var tilskodarar, medan opptak frå studioa gir oss eit uvanleg innblikk i den kreative prosessen rundt låtane.

Ei slik beskriving blir lell mangelfull, for filmen er så mykje meir. Den tar oss med på ei omvising i Kaizers-verda, frå den tidlege starten til den siste konserten. Vi blir leia av sjela i bandet: personen som brakte oljetønna og felgesoloar med på scenen, men sjølv hevda at heile musikkeventyret var for han eit skodespel – Helge Risa. Nykomne fans som eg, dei som kjenner best til «Violeta, Violeta», kan kjenne seg overraska og skuffa av fråværet av Janove Ottesen, men med frontmannen i hovudrolla ville det ikkje vore ein så god film. I mine augo verkar det til at berre Helge var eigna til å overføre Kaizers-verda til film, nettopp fordi bandlivet ikkje var einstydig med hans eige liv.

Sjølv om året har så vidt byrja, kan eg slå fast at filmen får ein plass på lista over dei beste norske filmane i 2015. Ikkje berre er regien genial, og sett filmen på grensa mellom dokumentar og suspense, men òg klarer Igor DeVold å balansere godt mellom forskjellege aspektane i livet til bandmedlemmane – og det er jaggu ikkje lett! Teamet klarte også å skape eit verk som passar heile Kaizers-fansen, ikkje berre dei som kan alle låtane utenat – og det fortener dei veldig mykje ros for.

LES OGSÅ: – Årets nynorskbrukar er Kaizers på kunstfeltet